Tilbake til alle arrangementer

Inspirasjonskveld for kvinner

Bli med på Inspirasjonskveld for kvinner

– Ein kveld med påfyll, nettverk og nye moglegheiter

Er du nysgjerrig på kva styrearbeid kan gi av moglegheiter? Har du kanskje eit styreverv eller ei leiarrolle i dag, og ønskjer fagleg og personleg påfyll? Eller vil du berre treffe andre engasjerte kvinner og utvide nettverket ditt?

Då er denne kvelden for deg!

Bli med til Fabel Kafé og møt engasjerte kvinner frå heile regionen til ein inspirerande kveld med fagleg innhald, refleksjon, personlege erfaringar og fellesskap.

Vi får spennande innlegg frå blant anna Anny-Mari Holm, eigar og leiar ved Elvetun privatbarnehage som i år fyller 20 år, Anniken Gjørøy som har starta opp og driv sin eigen verksemd, Anne Overdevest og Perly Merete Sognnes som eig og driv Blomstertorget, og Elisabet Kjerstad Bøe Tibber-veteran og bærekraftsentusiast, som alle vil fortelle om sine erfaringar og vegvalg.

I tillegg kjem Advokatfirma Tollefsen og fortel litt om kva det innebær å sitte i eit styre og kva moglegheiter det kan gje.

Vi er og så heldige at Sparebank1 Sogn og Fjordane er med og støttar arrangementet!

Kvelden byr på:

  • Engasjerande innlegg

  • Tapas og bobler i glaset frå Fabel Kafé

  • Tid til nettverksbygging og gode samtaler

Arrangementet har ein eigenandel på kr 345 og ope for alle kvinner – anten du er erfaren leiar eller berre nysgjerrig på nye moglegheiter.

Dato: 11.september 2025
Tid: kl 18:00
Sted: Dalstunet 6A, 6963 Dale

Velkomen til ein kveld full av inspirasjon!

 
Forrige
Forrige
4. september

WEBINAR: Regnskap for ikke økonomer

Neste
Neste
30. september

Hvordan arbeide med Google ads og SoMe - i praksis