Tilbake til alle arrangementer

Inspirasjonskveld for kvinner

Bli med på Inspirasjonskveld for kvinner

– Ein kveld med påfyll, nettverk og nye moglegheiter

Er du nysgjerrig på kva styrearbeid kan gi av moglegheiter? Har du kanskje eit styreverv eller ei leiarrolle i dag, og ønskjer fagleg og personleg påfyll? Eller vil du berre treffe andre engasjerte kvinner og utvide nettverket ditt?

Då er denne kvelden for deg!

Bli med til Fabel Kafé og møt engasjerte kvinner frå heile regionen til ein inspirerande kveld med fagleg innhald, refleksjon, personlege erfaringar og fellesskap.

Vi får spennande innlegg frå blant anna Anny-Mari Holm, eigar og leiar ved Elvetun privatbarnehage som i år fyller 20 år, Annikken Gjørøy som har starta opp og driv sin eigen verksemd, Advokatfirma Tollefsen kjem og fortel litt om kva det innebær å sitte i eit styre og kva moglegheiter det kan gje, og Elisabet Kjerstad Bøe Tibber-veteran og bærekraftsentusiast vil fortelle om sine erfaringar og vegvalg. Fleire vært annonsert etterkvart.

Vi er og så heldige at Sparebank1 Sogn og Fjordane er med og støttar arrangementet!

Kvelden byr på:

  • Engasjerande innlegg

  • Tapas og bobler i glaset frå Fabel Kafé

  • Tid til nettverksbygging og gode samtaler

Arrangementet har ein eigenandel på kr 345 og ope for alle kvinner – anten du er erfaren leiar eller berre nysgjerrig på nye moglegheiter.

Velkomen til ein kveld full av inspirasjon!

 
 
Forrige
Forrige
26. august

WEBINAR: Praktisk styrearbeid - styret som ressurs

Neste
Neste
28. september

WEBINAR: Nye marked - er mitt produkt eller tjeneste klar for et nytt marked?