Søk om BIO-midler
Vestland fylkeskommune lyser ut 5 225 000 kroner til bedriftsintern opplæring (BIO) i 2026. I tillegg er det sett av 1,5 millionar kroner til ei særskilt satsing på digital kompetanse.
Føremål
BIO-ordninga skal bidra til målretta og tidsavgrensa kompetanseheving i næringslivet i Vestland, slik at verksemdene kan gjennomføre nødvendig omstilling og styrkje si konkurransekraft. I 2026 blir midlane retta mot:
Grøn omstilling
Inkludering
Forsvar og beredskap
Digital kompetanse
Det er løpande søknadsfrist så lenge det er midlar att i ordninga.
Kven kan søkje?
Det er berre bedrifter som kan søkje.
Bedrifta må vere minst to år gammal.
Tilskotet må gå til opplæring av tilsette med arbeidsstad i Vestland.
Verksemder som har fått tildelt midlar dei tre føregåande åra vil ikkje bli prioriterte.
Bedrifter kan ikkje delta i fleire BIO-finansierte prosjekt samstundes.
Hovudkrav til søknad
Det må liggje eit konkret prosjekt til grunn for søknaden. Opplæringstiltaket må:
vere ekstraordinært (ikkje del av ordinær drift)
ha ein tidsplan på under 26 veker
vere godt grunngjeve
ikkje starte før eventuell tilsegn er gitt
bidra til FN sine berekraftsmål
bidra til regional plan for berekraftig verdiskaping
Opplæring som er lovpålagt eller del av ordinær drift kan ikkje støttast.