Torsdag 22.februar var det duka for den fyrste samlinga i prosjektet Smaken av Nordhordland, i 2018. Temaet for samlinga var Mattryggleik i praksis. For å få meir innsikt om dette viktige temaet hadde både Mattilsynet, Magnhild Dyrdal og Heidi Spjeldnes innlegg - kor dei med litt ulike perspektiv fortalte om sin erfaring med dette emnet. Samling fant stad på vakre Spjeldnes Gard, kor vi fekk utruleg god oppvarting med fine lokale og fantastisk god mat!
Smaken av Nordhordland set eit etterlengta fokus på lokalmat frå Nordhordland, innan både landbruk og havbruk. Smaken av Nordhordland er organisert som eit prosjekt kor ein skal samle, skape synergiar og verdiskaping mellom aktørar og bedrifter som forvaltar, produserer, leverer og sel lokalmat i sitt daglege virke. Vi er ute etter å byggje merkevara «Smaken av Nordhordland» kor ein jobbar med bygdeutvikling og lokalmat i Nordhordland.Prosjektet skal bidra til å styrke nettverk og samarbeid mellom aktørar som jobbar i verdikjeda av lokalmatproduksjon. Vidare skal vi bidra med kompetanseheving til denne målgruppa, kor vi kjem til å sette opp fleire samlingar og kurs etter målgruppa sine behov, slik som t.d. samlinga om Mattryggleik. For det tredje skal vi drive med felles merkevarebygging for dei aktørane som jobbar og utviklar med lokalmat i større eller mindre grad. Målgruppa for dette prosjektet er: bønder, fiskarar/fiskemottak, lokalmatprodusentar (dei som er etablerte og dei som ynskjer å etablere seg), serveringsstader, kafear og butikkar. Dette prosjektet skal vere ein støttespelar og ein katalysator for desse målgruppene, samt at skal bidra til verdiskaping og utvikling innan denne bransjen. Er du innfor desse målgruppene og vil høyre meir om dette prosjektet. Ta gjerne kontakt, mail: hildegunn@gmnh.no. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|