![]() Gulen og Masfjorden Næringshage har tilsett ny forretningsutviklar. Dagleg leiar Veronica Haveland har lenge sett eit behov for å auke dei interne ressursane i Næringshagen. Ho fortel: "Næringslivet i Gulen og Masfjorden er i stadig vekst, og vi er avhengige av fleire tilsette for at Næringshagen skal kunne tilby alle våre tenester optimalt til vårt regionale næringsliv. Å tilsette ein ny forretningsutviklar trur eg vil kunne bidra til dette formålet". Vår nye forretningsutviklar; Hildegunn Opdal er 25 år og kjem frå Oppdalsøyra i Gulen kommune. Ho har etter gjennomført master i innovasjon med spesialisering i leiing og organisering flytta tilbake til heimkommunen - Gulen. Det å få arbeide med innovasjonstiltak og regionalt næringsliv har lenge vore ein draum for ho. Frå tidlegare har ho vore praktikant og arbeida i ulike prosjekter hjå Skåppå Kunnskapspark i Lillehammer. Ho fortel at både studiet og arbeidet i Skåppå Kunskapspark er nyttig kunnskap og erfaring som ho kan ta med seg inn i arbeidet som forretningsutviklar. Ho ser fram til å ta fatt på arbeidet og oppgåvene som ho får tildelt her i Næringshagen. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|