![]() Nordhordland Næringshage har tilsett ny trainee, som skal jobbe som næringshagen sin eigen fotograf. Tina Strømsnes Monslaup er 20 år og kjem frå Austrheim, og bur på Fjellsbø. Tina har ein lidenskap for foto og har lenge hatt eit ynskje om å bli fotograf. Ho har utdanning innan media og kommunikasjon, og har etter gjennomført utdanning opparbeida seg god kompetanse innan foto og tilhøyrande programmer. Dagleg leiar Kate Bentzen fortel at i arbeidet rundt profilering av bedriftene er fotokompetanse svært nyttig å ha tilgang til. Det å ha Tina med på laget kan styrke tilbodet som Næringshagane (Gulen og Masfjorden Næringshage og Nordhordland Næringshage) tilbyr. Til no har Tina jobba her i ein månad og trivst svært godt i sin nye arbeidskvardag. Ho fortel at oppgåvene er varierande, kor ho har fått møtt ulike bedrifter og gründerar, som har vore motiv for hennar fotografering. Ho trur at ho kan få lært mykje gjennom denne traineestillinga. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|