![]() NORSK KYSTKULTURAKADEMI AS vart skipa 11. april 2011 etter å ha køyrt eit forprosjekt på to år. Akademiet ligg i Solund, Noregs vestlegaste kommune, ved innløpet til Sognefjorden. Akademiet har som hovudmål å ta vare på, formidle og vidareutvikle lærdomen som ligg i kystkulturarven, bygd på dei store naturgjevne ressursane som Solund har å by på (www.gmnh.no). Selskapet har hatt fin vekst og utvikling sidan oppstarten og fram til i dag og omsette for 2,1 millionar 2018. Norsk kystkulturakademi er månadens bedrift for november! Vi gratulerer! Bevaring og formidling av kystkultur som forretningsidè Vel ti år tilbake i tid var det store diskusjonar i Solund kring korleis ein skulle klare å skape større verdiar i kommunen. Etter at mange gode krefter gjekk saman kom tre større prosjekter i gong; Solund lokalmat, prosjekt Bulyst og prosjekt kystkulturakademi;- eit kystkulturakademi, som Bjørn Magne Hansen og Roar Moe var initiativtakarar til. - Dei har begge ei genuin interesse for bevaring og formidling av kystkulturarven og har vore heilt sentrale i utviklinga av selskapet, fortel dagleg leiar Trude Søilen. I løpet av prøveperioden beslutta ein å satse vidare på eit ikkje mindre enn Norsk kystkulturakademi (NKKA), Trude har vore med sidan oppstarten og har, saman med eit velfungerande styre og dyktige tilsette, lukkast med å leie selskapet til der det er i dag. For å operasjonalisere målet om å ta vare på, formidle og vidareutvikle kystkulturarven, har selskapet, med samhandling og samarbeid på tvers som kjerneverdiar og arbeidsmetode, delt opp arbeidsfelta sine i fire hovudområder; - Bygningsvern, landskapsskjøtsel og villsau, kajakk/guiding og naturleg nok formidling. Her er det gamal og ny kystkultur i skjønn foreining. Friluftsliv og formidling som verdiskaping I fleire år har NKKA hatt avtale om planlegging og gjennomføring av valfaget Natur, miljø og friluftsliv med skulen i Solund. Her får elevane ta del i arbeidet med villsau, i slakteprosessen, dei er på turar ute, både med og utan kajakk, og som ein del av avtalen får alle elevane på valfaglinja VÅTT- kort og minst ei natt med overnatting ute i naturen. - Noko av det som engasjerer ved jobben er høvet til å utøva formidling til den oppveksande generasjon, for det er så viktig å vise og formidle samanhengane mellom staden og landskapet der ein bur og få fram historia som ligg bak, fortel Trude. - Veit ein ikkje korleis det er skapt og kva som ligg bak, så veit ein heller ikkje korleis ein skal ta vare på det, legg ho til med stort engasjement. Formidling skjer også på dei skreddarsydde turane som NKKA organiserer for stadig fleire betalande kundar. - Turar med kajakk i kombinasjon med overnatting utandørs, fjellturar, fiske etc. er populære, særleg for familiar, fortel Trude. Kystkultur og bygningsvern Ein stor del av kystkulturarven er alle nausta, sjøhusa og andre bygningar som er sett opp langs kysten. Mange av desse bygningane står no til nedfalls av ulike årsaker, som for eksempel fråflytting. NKKA ynskjer å bidra til å ta vare på desse, og selskapet har i dag to tilsette med byggfagleg kompetanse. Ved restaurering (vøling) av bygningar er det mange reglar å følge, og heilt frå oppstarten har NKKA hatt eit tett samarbeid med Ove Losnegård som bidreg med kompetanse og rettleiing på vølingsdelen. Ved enkelte prosjekt er også Riksantikvaren involvert. Vidare har akademiet samarbeida i ei årrekkje med Bergen arkitekthøgskule (BAS) og vore vertskap for feltkurset som alle 1.klassingar startar med. Variert kundegruppe Innafor bygningsvern er kundane stort sett lokale, for eksempel når NKKA restaurerer prosjekt i samarbeid med grunneigarar som har fått midlar frå Kulturminnefondet. Mange eigarar har eigentleg ikkje råd til å redde bygningane sine, men ynskjer likevel å gjere det når dei får økonomisk støtte frå kulturminnefondet. Dersom bygningen er verna må Riksantikvaren rådførast. NKKA utfører arbeid også utanfor Solund, og har mellom anna utført restaureringsarbeidet på Lillingstoneheimen i Fjaler kommune, i samarbeid med snekkar og båtbyggjar Ove Losnegård og Fortidsminneforeininga. For å spe på inntekta i periodar med mindre restaureringsoppdrag, utfører NKKA ordinære tømrar- og fliseoppdrag, og har mellom anna laga bad og skifta vindauge i fleire bygg både i og utanfor kommunen. Guida turar med kajakk og overnatting vert stadig meir populært og NKKA har dei siste åra organisert og gjennomført ei rekke skreddarsydde turar for betalingsvillige kundar. Turar med kajakk og to-tre overnattingar er populære, spesielt blant europeiske familiar, I turen er alt frå utstyr, mat og eigen guide inkludert, og deltakarane får soleis ei heilt unik, personleg og naturnær oppleving, godt rettleia av kunnskapsrike og kyndige friluftsfolk frå NKKA. Turisme på lokalsamfunnet sine premissar Foreløpig er Solund rekna som eit uberørt område, men sanninga er at kystlandskapet er skjøtta i årtusener, og for NKKA er det viktig at landskapsskjøtsel og reiselivssatsing i kommunen foregår på lokalsamfunnet sine premissar. Det vil seie at utviklinga ikkje må skje for raskt, men i rett tempo. - Slik det er i dag har Solund ikkje kapasitet til å motta større mengder turistar, seier Trude. NKKA ønsker å være med å påvirke utviklinga og sikre at den vert berekraftig, både sosialt, økonomisk og miljømessig. Selskapet bidreg difor med innspel til kommunen sine mange planar innafor områder som handlar om forvaltning av kystkultur og landskap, og berekraftig samfunns- og næringsutvikling generelt. Kunder via nettverk og kjente Fram til no har NKKA klart å skape vekst og utvikling i selskapet utan å bruke større midlar på marknadsføring. Mange av kundane innan guiding og kajakk er personar som har leita på nett etter meir bortgjøymte og uoppdaga plassar, eller som kjem via gode nettverk. Hvitserk, eit av dei største selskapa innan opplevingsreiser i Norge, har td. sendt fleire kundar til NKKA. Framover ser NKKA for seg å utarbeide planar for det å verte meir synleg og å nå ut til fleire i målgruppene sine, spesielt med tanke på bygningsvern. – Framover ønsker vi enda fleire restaureringsprosjekt enn vi har i dag, og da treng me å vise oss enda meir fram, seier Trude. Utfordringar i starten I oppstartsfasen påtok NKKA seg alt for mange prosjekt og oppgåver som sprikte i fleire retningar, og det var utfordrande å vite kva ein eigentleg skulle nytte tida si tid, svarer Trude på spørsmål om kva som vart opplevd som dei største utfordringane i startfasen. Etter ei tid gjorde styret eit vedtak på at NKKA skulle fokusere på dei fire hovudområda som verksemda jobbar innafor i dag. - Det å ha fått definert arbeidsområda gjer at det er lettare å påta seg «riktige» prosjekt og halde fokus der det skal være, legg Trude til. Langsiktige mål Trude har eit klart råd til nye som ønsker å starte opp. – Tenk langsiktig og vær budd på at ting tek tid! Det er òg viktig med gode folk rundt og gode folk å sparre med, som for eksempel Kjell Monstad, primus motor for fleire samfunnsnyttige prosjekt i Solund. - Når eg føler at eg jobbar ekstra mykje, så hjelper det at det er minst ein til som gjer det. I tillegg er det viktig å huske på at ein ikkje kan alt! Har du muligheit til å knytte til deg personar som er god til noko du ikkje er så god til, så gjer det, er oppfordringa frå Trude. Mål om ny medarbeidar innan bygningsvern Målet på sikt innan bygningsvern er at andel oppdrag på restaureringsprosjekt aukar. – Her kjem vi ikkje vidare om vi ikkje tek nokre sjansar. No treng vi å knytte til oss ein til person med fagbrev innan tømrarfaget. Lukkast vi med å få tak i den rette medarbeidaren med riktig kompetanse, kan vi få inn ein lærling og knytte oss opp mot nye samarbeidspartnarar, for eksempel fagskulen i Bergen, som har ei linje innan bygningsvern. Dette kan igjen generere fleire oppdrag, seier Trude. I tillegg til å inneha fagbakgrunn er det naudsynt at medarbeidarar i NKKA har store evner til fleksibilitet, godt humør og aller helst bur og/eller ser for seg ei framtid i Solund. Skulle nokre av lesarane vera interesserte i jobb, kan dagleg leiar i NKKA eller Næringshagane verte kontakta. God nytte av Næringshagane for utvikling og vekst
NKKA har nytta fleire av tenestene til næringshagen, og kjøpte mellom anna dagleg leiar- teneste ein periode noverande dagleg leiar var ute av selskapet. I tillegg er NKKA lokalisert i lokala til næringshagen i Solund, saman med ei rekke andre bedrifter i kommunen. – Det er så mange fordeler av å være samlokaliserte med andre verksemder, seier Trude, og legg til at ho trur at NKKA har fått fleire oppdrag ved å sitte saman med andre og ha så tett kontakt som dei har. Av andre tenester frå Næringshagen som vert trekt fram som nyttig, er det å ha ein sparringpartnar, og ein som stiller konstruktive spørsmål med tanke på vekst og utvikling av selskapet. Næringshagane ynskjer Trude og resten av gjengen i Norsk kystkulturakademi AS lukka til med vidare vekst og utvikling og gler oss til å fylgje dykk vidare i tida framover. Tekst: Eldbjørg Ness/Næringshagane for utvikling og vekst Foto: NKKA (alle bilete med personar) og Eldbjørg Ness (Hardbakke) |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|