Nordhordland Næringshage og Solund kommune har nyss inngått avtale om kommunalt næringsarbeid, som inkluderer leveranse av fyrstelinetenester og forvaltning av næringsfond og næringslån for Solund kommune. Tenestene vart lagt ut på anbod 9.mai, og 25.mai låg den endelege avgjersla. Avtalen er i første omgang gjeldande for eit år med opsjon på ytterlegare eit år. Nordhordland Næringshage har eit tett samarbeid med Gulen og Masfjorden Næringshage. Næringshagane utgjer eit samla kompetansemiljø med mykje ulik kunnskap og erfaring, og dei to samarbeidspartnarane vil begge bidra aktivt inn i arbeidet for kommunen. Foto: Kjell Monstad
Administrasjonssjef i Solund kommune, Erik Askeland, og Næringshagane for vekst og utvikling, her representerte ved Veronica Haveland, Kate Benzen og Eldbjørg Ness, er godt nøgde med avtalen. -Det at me har fått på plass denne avtalen er viktig både for næringshagen si eiga utvikling og for vidare næringsutvikling i Solund. Vidare ser me og for oss at denne tenesta vert eit satsingsområde som næringshagane kan levere til fleire kommunar, seier Kate, dagleg leiar i Nordhordland næringshage AS. Nordhordland Næringshage AS har hovudkontor på Mastrevik Torg i Austrheim kommune, men er og lokalisert i Solund med ein eigen avdeling. I Solund er her per dags dato tilsett ein ressurs i 40 % stilling, som saman med hovudavdelinga i Austrheim og Gulen og Masfjorden Næringshage, driv næringshagearbeid opp mot næringsliv og bedrifter i Solund gjennom Næringshageprogrammet og samarbeidsavtalar. I samband med avtalen som nyss er inngått vil bemanninga i Solund bli styrka med ein ytterlegare ressurs med lokal tilknyting i 50% stilling. Den auka bemanninga vår i Solund skal framover nyttast til forvaltning, rådgjeving og sakshandsaming knytt til søknader om næringslån og næringsfond, i tillegg til oppfølging av målverksendene våre i Solund, fortel Kate. Av andre viktige oppgåver som Næringshagane skal til med i Solund inngår profilering av tenestetilbodet til etablerarar og småskala næringsliv i Solund, samt rådgjeving. Utover dette vil og dei to daglege leiarane i næringshagane, Kate Bentzen samt Veronica Haveland i Gulen og Masfjorden Næringshage, frå august ha faste kontordagar på avdelinga på Hardbakke i Solund. Her er alle som måtte ynskje å komme innom for ein prat eller eit møte velkomne. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|