KLAR
  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv

Månadens bedrift

3/9/2020

Comments

 

Ein gard utanom det vanlege!

​Dyrehagen Gård ligg på Fonnes i Austrheim kommune. Garden er ein aktivitetsgard, kor ein kan komme på besøk for å sjå, klappe og mate dei morosame dyra på garden. Det er også mogleg å ha barnebursdagar, team building, selskap, konfirmasjonar og andre samankomstar her hos dei. Enten du vil lage ditt eige opplegg, eller at dei sett saman eit kjekt opplegg for deg og ditt selskap. Garden har heile tida utvikla seg, og i dag har dei også moglegheit for å ta imot 6 – 7 campingbilar/vogner. 
Picture

Dyra på garden

«Vi har alle mogelege dyr; Både geiter, hund, lamaer, påfugl, høner, ender, griser, hestar, katt, kaninar, marsvin og ein papegøye, som alle har sin eigen personlegdom og sjarm. Her på garden elskar vi dyr, og de blir på ein måte ein del av familien», ler Anita.
​
Dyra på garden er ekstrem tamme og snille, og dei er vane med å ha folk rundt seg. På Dyrehagen Gård har dei også tatt i mor dyr som har trengt omplassering, dette er dyr som av ein eller anna grunn trenger litt meir kjærleik og omsorg, på grunn av litt røffe forhold i oppveksten. Geita Tiril er eit godt eksempel på dette, ho har heile livet sitt trudd at ho var ein hund, på grunn av at ho kun var med hundar i oppveksten.
«Tiril stortrivast på garden, og ho har blitt ein flott og god geit som i dag har det mykje betre enn før».

​Dei har også mogelegheit for at born og vaksne kan ta ridekurs på garden, eller om ein ynskjer turriding. Dette er ein populært tilbod! 

 Samarbeid med Kilstraumen Brygge 

«Før sommaren inngjekk vi eit samarbeid med Kilstraumen Brygge, kor vi begge marknadsfører kvarandre til folk som kjem på besøk. I sommar har det fungert utruleg bra! Dei sender barnefamiliar bort til oss, og vi sender svoltne folk bort til dei», fortel Anita.
 
«Etter Kilstraumen begynte å marknadsføre oss har vi vi hatt ein ekstrem auka interesse på Facebook, samt at vi har hatt fleire besøkande». «Det er så kjekt at vi her på Austrheim kan samarbeid slik at aktivitetsgrunnlaget i kommune vert større, og at vi har fleire ting å tilby når det kjem besøkande til kommunen vår.  Så dette er eit samarbeid vi gjerne vil fortsette med, og kanskje at vi til og med kan sjå større på det, og informere besøkande om andre ting som ein fin her i regionen. Samarbeid er tingen!».
​
Picture

Camping av dei skjeldne 

​Slik litt etter litt har dei begynt med Camping på garden på Fonnes. «Vi har ingen stor campingplass, men vi har plass til 6 – 7 campingbilar/vogner. Dette passer oss fint, her kan vi bli godt kjent med dei besøkande, og tilby dei litt ekstra god service». Campinga marknadsfører dei på Finn.no, og dei har hatt fleire besøkande som har vore svært nøgd å komme til dei kor dei har kunne vore med å stelt dyra, samt oppleve Austrheim som stad utanom. Hovudmålgruppa har her våre vore barnefamiliar, men også besteforelder som har med barnebarna på tur. 

Barnebursdag med "svung"

«Vi elsker å arrangere barnebursdager! Her lager vi eit spesial opplegg kor dei får leige lokale med eller utan mat, barna får sjå på dyra, hoppe i hoppeslottet, pakke opp gåver,  ha konkurransar eller andre ting som barna måtte ynskje.  Bursdagsbarnet får også diplom og ein hestesko i gull i presang frå garden.
 
Barnebursdagane har vorte veldig populært, og fleire av borna som har hatt bursdagen sin her tidlegare ynskjer å ha den der igjen. Dette er ein konsept Dyrehagen Gård ynskjer å utvikle og forsette med.
 
«Det morosame er at det er ikkje berre born som vil oppleve garden, vi har også vaksne grupper som enten vil har utdrikkingslaget, bursdagen eller team building med jobben her hos oss. Her lager vi i stand konkurransar med meir, slik at det skal bli ein super dag for gruppa som vil ha samlinga si her hos oss», fortel Anita. 
​

Attåtnæring – kjøp og sal ved «Rotepus» og minibuss 

​I tillegg til garden, har Anita ein butikk på Fonnes som heiter «Rotepus». Det er ein butikk som har både brukte ting, men også nye ting som er kjøpt opp frå konkursbu og anna. Dette er ein butikk som har det aller meste av produkt og varer.
​

I tillegg leiger Anita inn Lindås Minibuss. Det å ha eigne transportmoglegheiter på garden er ein perfekt kombinasjon til aktivitetsgarden. Då kan ein frakta gruppene både til og frå Dyrehagen Gard. På sikt håper Anita at ho kan få overført dette løyvet og bussen over på eige selskap, slik at alt inngår i eit.
«Det er fint å ha fleire tilleggsnæring utanom garden», fortel Anita. 

Framtida 

​«I framtida håper eg at eg kan drive kun med Dyrehagen Gård, kor eg kan ha nok besøkande gjennom heile året til at bedrifta går rundt. Kanskje eg til og med kunne ha tilsett noko, det hadde jo vore draumen. I dag er både familie, venner og andre gode hjelparar med å hjelper og støtter slik at bedrifta kan gå rundt -  og det er heilt fantastisk! Eg trur folk liker seg på garden, og ynskjer at vi skal få det til å gå rundt. Eg gleder meg til forsettelsen og at vi kan utvikle bedrifta vår vidare, det vert kjekt».
 
Næringshagen er svært stolt av å ha fått Dyrehagen Gård inn som ny målbedrift. Vi ynskjer dykk lukke til med arbeidet framover! 
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø.

    Arkiv

    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    October 2020
    September 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    June 2019
    May 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    Covid19
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

KLAR BEDRIFT AS

Om oss
Våre teneste
Grafisk profil
Kurs og arrangement
Månadens bedrift
​Personvernerklæring
Møteromsbooking
Leige kontorplass
© 2021 klarbedrift 
post@klarbedrift.no
​
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
​Org. 912 388 891

  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv