Bjordal Maskin tilbyr innovative løysingar til industri - og maritim næring«Me likar svært godt å finne løysingar på ulike typar utfordringar», fortel Helge Bjordal som er dagleg leiar i verksemda Bjordal Maskin. Positivisme, engasjement og lidenskap for utvikling, nyskaping og driftig av verksemda Bjordal Maskin var nokon av haldningane som møtte oss når vi i Gulen og Masfjorden Næringshage var på besøk hos Bjordal Maskin på Søreide i Bjordal. Helge har sidan 2004 vore dagleg leiar for Bjordal Maskin, verksemda består i dag av to tilsette. Kor sonen Stein Vidar i tillegg til Helge er verksemda sine faste tilsette. Verksemda tilbyr ulike typar tenester; kor maskinering er hovudgeskjeften. Dei har brei erfaring innan service på ulike typar knuse - og sorteringsanlegg, samt alle typar anleggsmaskiner. I den samband tilbyr dei også levering av reservedelar, overhaling og feilsøk på gitte maskiner. Framtidsretta utstyr er ein viktig del av tenestetilbodet Av nyare karakter har Bjordal Maskin investert i ein eigen lasermålar, linjeboringsutstyr, utstyr til termisk sprøyting og ein robotarm som kan utføre sprøyteprosessen. Lasarmålaren er svært avansert, og Bjordal Maskin er ein av få i Norge som kan tilby bruken av FARO LaserTracker. Laseren kan brukast til ulike måleoppdrag, og er utvikla til å kunne måle maskinerte delar med stor nøyaktigheit. Med lasermålaren kan ein måle alle geometriske former, alt i frå rør-linjer til motorblokker. I tillegg er denne laseren innebygd med ein 3D programvare, som lagrar og behandlar måledata. Dette gjer at de som nytter seg av denne tenesta også kan få detaljerte målerapportar frå målejobben som er blitt gjort. Stein Vidar som er utdanna ingeniør seier at han har stor interesse for den type teknologi, og han seier at dette er eit verktøy som er kome for å bli. Det er Stein Vidar som vil vere hovudansvarleg for gjennomføringa av denne tenesta ut til kundane. Han fortel at den type teknologi er forholdsvis «ny» for den norske marknaden, og han håper at bedrifter i nærliggande bransjar no vil sjå nytte av denne lasermålaren og lasaren sine mangfaldige bruksområde. Linjeboringsutstyret er moderne og er tillaga for dreiing og automatisk sveising i diameter frå 40 mm til 1700 mm. Dette utstyret vert ofte brukt i samband med sveising av slitte flater, dreiing til rette toleransar, oppdreiing for thuster og føringar for proppelakslingar. Utstyret for termisk sprøyting er ei nyinvestering for oss, fortel Helge. Den er på noverande tidspunkt ikkje ferdig programmert, men i framtida ynskjer de at metallsprøyting eller metallisering skal bli ein av tenestene som Bjordal Maskin tilbyr kundane sine. Metallsprøyting kan brukast til å beskytte metall mot korrosjon, og den kan brukast på maskindelar, verktøy eller stålrammer. Den kan også bidra til å beskytte ulike maskiner mot slitasje. Kundegruppene er mange Bjordal Maskin har hatt ulike typar kundegrupper, for å nemne nokre: Havyard Leirvik, Solund Verft, Westcon Florø, DC Halsvik Aggregates, Elkem Tana, Bremanger Quarry AS, Skolt Pukkverk AS, Frank Mohn AS, Østerbø Maskin, Skanska Industri, NCC Industry asfalt og Rolls - Royce Power Systems på Hordvikneset. I tillegg har de også hatt oppdrag for entreprenørar som til dømes A og J Bjordal AS, Steinsenteret Åsane sand og singel og Maskinfirma Henry Solheim. Bjordal Maskin har også eit tett samarbeid med Oeen Engineering AS, som driver med import av verkstadmaskiner. Kundane deira har vore svært nøgde med gjennomføringa av dei ulike tenestene som Bjordal Maskin har levert, og i mange tilfelle har dei også bidrege med gode løysingar og innspel til utfordringar som har oppstått i enkelte prosjekt. Bjordal Maskin består av to løysningsorienterte «oppfinnarar» som det kan vere lurt å hente inn i ulike prosjekt eller enkelt jobbar. Vi i Gulen og Masfjorden Næringshage er stolte over å ha fått Bjordal Maskin inn som målbedrift her hos oss, og vi ser fram til vidare samarbeid! Foto: Helge Bjordal og Stein Vidar Bjordal |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|