KLAR
  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv

Månadens bedrift - Kilstraumen Brygge

20/9/2019

Comments

 
Kilstraumen Brygge er månadens bedrift
Kilstraumen Brygge i Austrheim kommune tilbyr eit rikhaldig utval aktiviterer og nydeleg mat til folk i alle aldrar. I fleire hundre år har det vore handel og mat på staden, som ligg ved Norges tredje sterkaste straum og nær Vardetangen, Norges vestlegaste fastlandspunkt. I dei seinare åra har Kilstraumen Brygge opplevd solid vekst og utvikling, er ein viktig bidragsytar til verdiskaping i regionen, og siktar stadig mot nye målgrupper og høgder. Kilstraumen Brygge har vel fortent utmerkinga som denne månadens bedrift!
Picture
Vil bli reiselivshub i Nordhordland
Solveig Lerøy, dagleg leiar ved Kilstraumen Brygge, er godt nøgd med utviklinga av staden, og jobbar kontinuerlig med å tiltrekke seg fleire kundegrupper og utviding og tilpasning av aktivitetstilbod til gjestane sine. Filosofien ho og dei tilsette jobbar etter er å bli ein stad for mange og ein reiselivshub i Nordhordland, som andre kan vakse ut i frå.  – For oss er det viktig å ha tilby eit heilskapleg reiselivstilbod som tiltrekk gjester i ulike aldrar og med ulike interesser, fortel Solveig.
Blant tilboda som vert tilbudd pr. i dag finn ein ulike sjøaktiviteter, bunkring for båtar, lett tilkomst via båt, bil og helikopter, det er plassar for bubil, hus med mange sengeplassar til for eksempel småbarnsfamiliar eller fisketuristar, ein kan få gode konsertopplevingar og innta deilig mat basert på lokale råvarer, og  ein kan mellom anna leige båt , sykkel og kajakk.  – Me vil inn på nye marknader og må halde oss kontinuerlig oppdaterte på kva som er trender for td. friluft med tilbod tilknytta sjø,  fortel Solveig.
Dette er noko av grunnen til at Kilstraumen Brygge har investert i kajakkar med fult utstyr som td. våtdrakter og vogn om ein ønsker å starte anna plass enn i Kilstraumen. Denne investeringa har allereie vist seg å være lønnsam; Tidlegare i haust gjennomførte Kilstraumen Brygge sin første kajakktur med stor suksess for ei gruppe cruise-turistar frå European cruise services, som vart bussa frå Bergen.
Picture
Samarbeid med andre                         
Utviklinga av nye aktivitetstilbod og reiselivsprodukt krev kunnskap om trender, fagkunnskap og gode samarbeidspartnarar.
  • For å i det heile tatt å klare å satse på kajakk «her ute» treng me nokon andre enn oss faste som kan ta hand om aktiviteten. Difor jobbar vi med Austrheim idrettslag som står for kompetanse og organisering av turar, medan vi kan legge nokre kroner på bordet, seier Solveig.
Andre og viktige samarbeidspartnarar er Næringshagane for utvikling og vekst, som mellom anna har bidrege med marknadsføring, utvikling av heimeside og bistand i utviklinga av reiselivsproduktet Salmon Safari, som Kilstraumen er med i saman med West Sea Shipping og Skjærgårdsfisk visningssenter, i tillegg til Bergen Reiselivslag.
  • Kilstraumen Brygge ligg nærme bergens- marknaden og alle turistane som kjem til byen, og dei må me satse på og få ut i Nordhordland. Det gjer me på mange vis, blant anna gjennom samarbeid med Bergen reiselivslag og Næringshagane for utvikling og vekst, fortel Solveig.
Smaken av Nordhordland
Kilstraumen Brygge er del nettverket Smaken av Nordhordland, som består av ei rekke små og større matprodusentar i regionen. Gjennom nettverk og gode kontakter får restauranten tilgong på det ypperste av råvarer som dei gjer sitt ytterste for å komponsere lekre rettar til gjestane sine med.
  • Me prøver så godt me kan å berre servere lokal og kortreist mat, fortel kokkane Charlotte Bynes og Harald Johannesen.
Maten på Kilstraumen Brygge er viden kjent og tiltrekk seg stadig fleire gjester frå fjern og nær.  Fiskesuppa med den hemmelege oppskrifta er ein enorm salgssuksess,  søndagsbuffeten likeså, og den deilige angus- burgaren med kjøt frå Ullestad gard, bokstavleg talt berre nokre svingar unna, er legendarisk.
Kokkane
Medan Harald har jobba ved Kilstraumen sidan januar 2019,  flytta Charlotte og familien nyleg til Austrheim frå Bergen, kor ho mellom anna har jobba for Bellevue- restaurantane Bryggen traktørsted og Fløyen. Moglegheiten til å jobbe ved Kilstraumen Brygge var viktig når Charlotte og familien valde å flytte til Austrheim.
 – Det å få jobbe på denne flotte staden, og bidra inn i utvikling av nye menyar og gode matopplevingar for gjestane våre er utruleg spanande, fortel Charlotte.
Kokkane heldt i desse dagar på med utvikling av ein heilt ny haust- meny, som me er mange som gler oss til å teste ut. Målet er lansering i løpet av september, men nøyaktig kva den vil innehalde ynskjer ikkje kokkane å røpe. – Det vi kan seie er at den vil bli basert på sesongens råvarer, fortel dei og smiler lurt.
Mange vel å legge feiringa av bursdag, konfirmasjon, dåp eller bryllaupsfeiringa si til den gamle handelsstaden, kor ein alltid vert møtt av eit smilande vertskap som gjer alt for at gjestene skal føle seg velkomne.
Picture
Picture
Hardt arbeid, interesse og engasjement
Hemmeligheten bak all suksessen til Kilstraumen Brygge er mykje hardt arbeid, stort pågangsmot, visjonar, draumar og ei oppriktig interesse for å skape gode opplevingar rundt seg. Heilt frå Solveig overtok som dagleg leiar for litt over to år sidan, har ho meir eller mindre vore på jobb døgnet rundt, har alltid telefonen og avtaleboka med seg, svarer alltid like venleg og høfleg når folk ringer eller spør om noko, er ofte den første som kjem og ofte den siste som går heim. – Slik må det være om ein skal lukkast, seier Solveig før ho fortset;  – Legg ein telefonen frå seg eller let være å svare raskt på henvendingar, forsvinn kundane dine, og det ynskjer me absolutt ikkje!
Gjester er som gode vener 
Kilstraumen Brygge er ein god stad å besøke, og Solveig, dagleg leiar og vertinne,  er kjent i krinsar langt utanfor Austrheim for sin gjestfrihet og genuine interesse for gjestene sine.  Med lang fartstid innan handels- og servicebransjen, fagutdanning, teft og evne til å oppdage moglegheiter, og til å omsetje dei i praksis, er ho eit funn for ein kvar servicebedrift!
  • For å gje kundane ei god oppleving er det så viktig å kjenne lokalmarknaden og snakke kunden sitt språk, fortel Solveig. – Og så er det viktig å behandle alle bra, akkurat slik ein behandlar sine aller beste vener. Det er kundane me er her for, ikkje omvendt, og da må alle me som er her gjere vårt beste for at alle skal få ei god oppleving og føle seg velkomne.
 
Planar framover
Kilstraumen Brygge opplever stor suksess og tidene framover ser lovande ut. Overnattingsplassane er fullbooka i månader framover, og kalenderen vert stadig meir fylt opp med arrangement og selskap av ulike storleikar. Sidan oppstarten har talet på tilsette auka med 20% kvart år, og ein forventar ei minst like stor auke i året som kjem.  Planane framover er mange og involverer mellom anna ønske om utvida ressursar på kjøkkenet,  menyar og produkt, utvikle nye opplevingar knytt til sjøen, halde fram med eigne produkt og suksessfaktorar som torgdag, oktoberfest og påskearrangement, det er planer om å skipe til ei festivalveke sommaren 2020, samt at alle påbegynte satsingar innan cruise- og reiselivet vi fortsette.
 – Vi tenkjer stort og ønsker å være ein del av «den store turistdraumen» i Bergensregionen, og kjem til dømes til å vidareutvikle Salmon safari- produktet som vi meiner har stort marknadspotensiale, vi er i dialog med hotell i Bergen om lunsjbesøk med buss og/eller helikopter. Vi trur at vi i 2020 er kome eit langt steg vidare her, fortel Solveig.
Picture
Høg verdiskaping
Kilstraumen Brygge starta med fire stillingar i 2017 og har pr. i dag  åtte fulltidstillingar pluss mange ekstra tilsette i høgsesongen. – Vi er stolte over å ha vore med å auke fagleg kompetanse innan næringen vår, og som bonus har jammen kommunen  fått fleire nye tilflyttarar, seier Solveig med eit stort smil. 
Picture
Planar framover
At det vert spanande å følgje med på Kilstraumen Brygge framover er heilt sikkert!  Næringshagane for utvikling og vekst let seg stadig imponere over alt det som skjer og utviklast på staden, og har stor tru på eigarar og vidare utvikling av staden. Vi gratulerer nok ein gong med utmerkinga som månadens bedrift og ynskjer lukka til med vidare vekst og utvikling.


Tekst: Eldbjørg Ness, Næringshagane for utvikling og vekst
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø.

    Arkiv

    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    October 2020
    September 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    June 2019
    May 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    Covid19
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

KLAR BEDRIFT AS

Om oss
Våre teneste
Grafisk profil
Kurs og arrangement
Månadens bedrift
​Personvernerklæring
Møteromsbooking
Leige kontorplass
© 2021 klarbedrift 
post@klarbedrift.no
​
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
​Org. 912 388 891

  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv