KLAR
  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv

Månadens bedrift - juli.

13/7/2017

Comments

 

Eit år sidan oppstart  -  
​Evy held fram som gründer på bygda.

Det er eit år sidan Evy Skogen starta opp som gründer og etablerte verksemda Klinikk Skogen, som held til på Vidsyn Senter i Sløvåg. Skogen er utdanna hudpleier og sjukepleiar, og har jobba innan helsesektoren i 15 år. Etter mange år som sjukepleiar var ho klar for å gjere noko nytt. Å starte eiga verksemd kor ho kunne nytte seg av den opparbeide kompetanse innan helse vart dermed løysinga. Klinikk Skogen tilbyr i dag ei rekkje tenester innan velvære, figurforming og helse, som t.d.: Hudpleie og hudpleieprodukt, sminke, voksing, farging av vipper og bryn, Cavi Lipo – knusing av feitceller med ultralyd, lymfedrensasje – lymfedrensasjestøvlar, ShapeRoller, vitamin/mineral og vekttapssystem – med tilbod om veging, cm mål og kroppsanalyse av feittprosent og muskelmasse.
Vil vere sin eigen sjef
Skogen fortel at ho lenge har  hatt ein draum å starte for seg sjølv, kor ho kunne vere sin eigen sjef og bestemme over sin eigen arbeidskvardag. Ho fortel vidare at ho etter mange år som avdelingssjukepleiar  i Solund kommune vart noko «metta» på turnuslivet og helgearbeidet. Dette var ein av grunnane for at ho valte å starte opp verksemda Klinikk Skogen. Pendling til Solund vart etter at familien vaks også svært krevjande, og ho fant ut det å vere lokalisert i Vidsyn senter ville vere ein meir høveleg arbeidsplass.
 
Utfordringane har stått  i  kø – det første året er krevjande!
Det å sarte opp for seg sjølv er svært krevjande fortel Skogen, og dette året har vore fylt med både oppturar og nedturar. Den største utfordringa har vore å ha nok kundar til at verksemda skal kunne gå rundt – det å byggje opp eit solid kundegrunnlag er svært tidkrevjande fortel ho. Dette året har ho klart å dekke dei faste kostnadane, men ho fortel at løn har ute blitt dette året. Reint praktisk har det vore mykje papirarbeid og mykje planlegging i samband med det å få i orden sjølve klinikken. Det å vere gründer på bygda er tøft! ​Likevel er det fleire både lokale - og tilreisande hyttefolk som har påpeikt at de er svært nøgde med at Klinikk Skogen er kommen opp, slik at ein ikkje treng å reise til Knarvik eller Åsane for å nå desse tenestene. Vidare fortel ho at det er mange i nærområdet som endå ikkje veit at ho held til på Vidsyn senter, og kva tenester som ho faktisk tilbyr. Til tross for utfordringar har dette året også vore svært lærerikt, og ho er glad for alle kundane som no har valt å nytte seg av Klinikk Skogen. Likevel oppfordrar ho at fleire tek turen innom klinikken. Ho fortel at alle er velkommen!  
 
Godt å ha gode hjelparar
Det å ha gode hjelparar rundt seg har vore svært viktig for oppstarten og etableringa av verksemda. Både Gulen og Masfjorden Utvikling og Gulen og Masfjorden Næringshage har vore gode støttespelarar fortel Skogen.  Gulen og Masfjorden Utvikling har hjelpt med å stifte selskapet, samt sette opp budsjett og skrive søknadar til næringsfondet. Gulen og Masfjorden Næringshage er no inne for å hjelpe Skogen med å profilere verksemda lokalt, men også regionalt. 
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø.

    Arkiv

    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    October 2020
    September 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    June 2019
    May 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    Covid19
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

KLAR BEDRIFT AS

Om oss
Våre teneste
Grafisk profil
Kurs og arrangement
Månadens bedrift
​Personvernerklæring
Møteromsbooking
Leige kontorplass
© 2021 klarbedrift 
post@klarbedrift.no
​
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
​Org. 912 388 891

  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv