NY UTSTILLING OG NYOPNING Månadens bedrift for september er Skjærgårdsfisk visningssenter som heldt til på Marøy, Radøy. Visingssenteret hadde for kort tid sidan nyåpning og markering av ny og moderne utstilling. Under åpninga deltok mellom anna ordførar i Radøy, Jon Askeland og minister Trygve Slagsvold Vedum, saman med 10.klassingar frå Ostereidet og fleire andre interesserte. FLOTTE FASILITETAR I likhet med dei frammøtte som var tilstades under nyopninga vart Næringshagane for utvikling og vekst sine medarbeidarar imponerte over dei nye fasilitetane som vi fekk sjå den dagen i september vi har på besøk. Ikkje før hadde vi kome oss innom døra, så hadde ein av oss fått på ein VR- briller på hovudet og befant seg plutselig midt i ein av dei store merane ikkje langt frå visningssenteret! Her vart det mykje latter før ein skjøna korleis teknikken fungerte, og ein klarte å manøvrere seg frå havdjupet og opp på land igjen! Etter at seansen med VR- brillena var over vart vi losa vel igjennom resten av visningssenteret kor vi fekk sjå utstillingar og flott film med bl.a Arthur Marøy, som fortalte om aktivitetane på Marøy frå oppstarten på 60-talet og fram til i dag. FLEIRE VISNINGSSENTER I HORDALAND Visningssenteret på Marøy, med to tilhøyrande fiskeanlegg, er eit av to som Lingalaks har. Det andre ligg i Hardanger. Visningssenteret i Hardanger, Hardanger akvasenter, var det første visningssenteret i Norge. Tilsaman er det om lag 20 slike visningssentre langs kysten i Noreg, som alle har til felles at dei har fått tildelt ein særkonsesjon for opprett, som forpliktar at ein skal drive visningssenter i tillegg til regulær oppdrettsverksemd. Selskapet som driv sjølve oppdrettsanlegga heiter Lingalaks og har vel 50 tilsette fordelt på Radøy og Hardanger. Sebastian Bjørnsønn Ludvigsen er dagleg leiar for dei begge, og fortel at ei av primærfunksjonane til eit visningssenter er kunnskapsformidling, å vise og forklare kva eit oppdrettsanlegg er, både ovanfor lokalbefolkninga og ikkje minst skuleelevar, og å bidra til at fleire vert nysgjerrige på, og søker seg inn mot, havbruksnæringa. 9.KLASSINGAR I MÅLGRUPPA Årleg tek visningssenteret på Radøy i mot 600-700 9.klassingar frå Nordhordland i tillegg til nokre elevar på vidaregåande skular i Bergen som har matfag med td. fileteringskurs på planen. Alle skuleklassar som kjem til Marøy får omvisning på senteret og ein tur med båt ut til ein av fiskemerane i nærleiken om været tillett det. Alt vert krydra med informasjon og historiar, quiz og lunsj, med grilla fisk på menyen. Sebastian forklarer at det er gunstig å invitere 9.klassingar på besøk, da dei snart står ovenfor viktige utdanningsval. – Klarar me å få fleire til å søke seg inn mot havbruksnæringa er me godt nøgde, fortel den daglege leiaren. Sebastian er ikkje i tvil om at det er store moglegheiter innan næringa i åra framover og tykkjer det er positivt at stadig fleire ser ut til å oppdage dette. Td har søkartalet på høgskulane som tilbyr studiar innan havbruk mangedobla seg, frå eksempelvis 30 personar i 2012 til over 700 i 2017. Ein ser og at stadig fleire jenter søker seg inn i bransjen enn tidlegare, noko som truleg heng saman med det auka fokuset på helse og fiskehelse, meiner Sebastian. MÅL OM NYE KUNDEGRUPPER OG FLEIRE BESØKANDE – Utfordringa med skuleklassar er å skapa vekst, difor er vi interesserte i få nye kundegrupper til å besøke oss, seier Sebastian. Framover skal visningssenteret på Marøy fortsette med tilbodet til elevar, i tillegg til at det skal jobbast med å få turistar til å ta turen innom senteret. I samband med målet om auka turisme, har Skjærgårdsfisk visningssenteret inngått eit samarbeid med West Sea Shipping og Kilstraumen brygge. I planane til prosjektet, som har fått navnet Salmon Safari, inngår det å få opp ei turistrute frå Bergen til Marøy, kor ein får omvisning på visningssenter og ut til merdane, før ferda går vidare til Kilstraumen brygge for eit godt måltid mat. - Målet er å er å få til faste turar frå Bergen- Marøy- Kilstraumen kvar dag i sommarsesongen, noko som potensielt vil kunne gi rundt 4-6000 besøkande i løpet av ein sesong, seierSebastian. STOR VERDI AV SAMARBEID
Gjennom å være målbedrift i Næringshagane for utvikling og vekst har Sebastian knytt fleire nye kontakter, mellom anna gjennom prosjektet smaken av Nordhordland. Nettverket består av ei rekke lokalmatprodusentar i regionen. Skjærgårdsfisk visningssenterer ser på det som positivt og nødvendig å samarbeide med andre for å nå nye mål. – Det nyttar ikkje å sitte på kvar vårt nes om vi skal få større ting til, seier Sebastian, spesielt med henvisning til prosjektet Salmon Safari. - Det å delta i nettverk og samhandle med andre gjer at ein når ut til fleire folk, vi får nye kontakter og vi får vist oss fram, fortsetter den daglege leiaren. Næringshagane for utvikling og vekst ynskjer Skjærgårdsfisk visningssenter lukka til med prosjektet Salmon Safari og andre vekstplaner, og ser fram til vidare samarbeid. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|