Birkeland Entreprenørforretning på heimebane"3 tunnelar ein entreprenør" lyder overskriftene som omtalar bedrifta, og det er ikkje mindre enn imponerande når ein ser på omfanget av dei tre tunnelane Birkeland Entreprenørforretning har tatt på seg hovudentreprenøroppdraget for. Masfjordtunnelen, Matrebergtunnelen og Trodalstunnelen er 3 tunnelar på E39 mellom Matre og Haugsvær i Masfjorden kommune, med ei totallengde på 6300 meter, men 2 separate anbodsprosjekt. Den fyrste tunnelen starta dei arbeidet på for nøyaktig eit år sida, og den skal stå ferdig juni 2019, dei to andre skal startast opp i november i år. Arbeidet med tunnelane kjem som følgjer av det nasjonale oppgraderingsprogrammet iht. Tunnelforskrifta, og inneber lys- og sikkerheitsutrusting, vass og frostsikring og sikringsarbeid i fjellvegg. Men det er ikkje fyrste gang bedrifta tek på seg slike oppdrag. Parallelt med E39 oppdraget jobbar bedrifta no i Luster med tre tunellar på fylkesveg 55, strekninga Marifjøra – Skjolden, her er det Røneid-, Råum- og Ottatunnelen som skal oppgraderast etter gjeldande standard. Spissa seg mot tunnelrehabiliteringBedrifta, som vart etablert i 1990, har i dag 23 tilsette og leverer på anbod nasjonalt. Med portabelt utstyr og tilsette som er innstilt på å bu og arbeide vekke frå heim, så er bedrifta konkurransedyktig også utanfor eigne kommunegrense. -Men det er godt å kunne vere konkurransedyktig på heimebane, og bidra til sysselsetting av leverandørar og entreprenørar lokalt, seier anleggsleiar Pål Børslid når vi besøker han på kontoret i brakkebygget på Matre. Vi har veldig fokus på å bruka lokale underleverandørar når vi vinn slike anbod, og å skape ringverknadar for omliggande næringsliv. Birkeland Entreprenørforretning har god kompetanse med grunnarbeid og sprengingsarbeid, men dei siste åra har bedrifta spissa seg inn mot rehabilitering av tunnel. -Det er her vi er gode! Gjennom åra vi har helde på så har vi oppretta oss god kjennskap og kompetanse rundt tunnelarbeid. Det er eit heilt fagfelt å drive med rehabilitering av tunnel, mykje skal planleggast, leggast til rette og evaluerast, og ein har mange i arbeid i kvart prosjekt, seier han. I dag er dei 25 personar i arbeid på Masfjordtunnelen, i Luster har dei 21 og i Stendafjellet har dei 7. Det er mykje ansvar, og mykje logistikk. -Heldigvis har vi drivne og gode folk i arbeid! Det blir ofte lange dagar, og det er krevjande arbeid, då er det godt å vita at vi har eit team av tilsette som vi veit kan jobben sin.
Viktig med gode tilsetteFor det er ikkje kun arbeidet i tunnelen som skal på plass for bedrifta, ein viktig del av organiseringa er å legge til rette for dei som skal utføre arbeidet. Her må vi få på plass gode tilhøve for arbeidsfolket, med overnatting, lunsj, middag og kvile. Dei arbeidet intensivt i vekene dei er på arbeid, og det inneber ofte lange dagar og nokon gongar natt, ei arbeidsveke variera frå måndag til torsdag og måndag til fredag, og så er det fri i helgene. Dette krevjar ein del logistikk. Det har vore supert å ha Einekavane med på laget, som har levert mat og ordna med reinhald på brakkene, fortel Pål. Ikkje berre eit hol i fjelletMykje gøymer seg i veggande i den 4100 meter lange tunnelen. Heile 70 000 meter med trekkerøyr og kablar er lagt nytt i tunnelen, og midt i har det kome opp eit stort teknisk bygg, dette skal sikre ventilasjon, styretavle, naudnett, evakueringssystem, reservebatteri, lys og mykje, mykje meir. Ein tunnel er ikkje lenger berre eit hol gjennom fjellet, her ligg det mykje teknologi for å sikre at vi som ferdast på vegen skal være trygg. I tillegg til bygget inni har tunnelen to tekniske bygg på utsida, eit i kvar ende. -Om du løfter opp røyret i naudtelefonen så er det alltid nokon i andre enden, fortel Pål. I tillegg til å skapa ein effektiv arbeidskvardag og sikker arbeidsplass, så må ein og legge til rette for gjennomgangstrafikk, og her har bedrifta veldig fokus på god tilrettelegging. Grunna europavegen er det mykje trafikk, og ikkje langt frå tunnelane finn vi ferjestrekninga Oppedal-Lavik. I Masfjordtunnelen har vi stort fokus på trafikantane, og sikkerheita. Her har vi god merking, nedsett fartsgrense og ledebil for å sikre både dei som arbeider der, og dei som ferdast i tunnelen. I tillegg har vi lagt til rette for fri ferdsel i helgane då det ikkje er arbeid, fortel Pål. Dei avgjerande samarbeidaI tunnelen ser vi fleire logoar på folk og maskiner, enn Birkeland sin eigen lett gjenkjennelege grøne logo. Namn som Mesta, Øksnes anlegg, Aaerekol trafikktjenester, Svein A. Mo og Entreprenør Ansgar Birkeland er godt synleg i arbeidet i tunnelen. -Det er avgjerande med gode underleverandørar for å levere på anbodet vårt. Det er mykje varierte arbeidsoppgåver som må til for å få alt på plass og då er det godt å ha både store og små aktørar bak seg når arbeidet skal gjerast. Elektroarbeid, transport, grunnarbeid og trafikkavvikling er nokre av tenestene som vert leigd inn, og det er Førde Sementvarefabrikk som har levert dei tekniske bygga. -I tillegg har vi eit svært godt samarbeid med Statens Vegvesen som er byggherre i prosjektet, i tillegg til BKK og ikkje minst kommunen, seier Pål. Matreberg- og Trodalstunnelen som startar opp no i november skal stå ferdig mars 2020, så vi vil sjå meir til bedrifta på heimebane i tida framover. Næringshagane for utvikling og vekst ynskjer det lykke til med vidare arbeid, og vi er imponert over kva de får til!
|
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|