KLAR
  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv

Månadens bedrift for mars

29/3/2018

Comments

 

Tveiten Bær og Gardsprodukt nyttar seg av nye salskanalar innanfor lokalmat!

Picture
Foto: Tina Monslaup 
Med utsikt mot vakre Alverstraumen inne på eit ordentleg vestlandstun fin ein dama med verdas beste smil, nemleg Trude Fosse. Ho driv saman med ektemannen sin Thomas Krossøy Fosse verksemda Tveiten Bær og Gardsprodukt. Dei er eit ungt par som har fokusert på landbruket og gamal mattradisjon, og dette har det vorte ein arbeidsplass av. Dei har i dag 40 vinterfôra villsauer, samt at dei driv med bringebærproduksjon og bakst av diverse godsaker! Dei har gjort om den gamle floren til butikk, og har utsal av lokalmatprodukt og bakst her! Butikken er open siste helga i månaden, i bringebærsesongen har dei opent neste alle dagar. I denne butikken bognar det av alt som er godt; heimelaga syltetøy, marmeladar, snop, gjærbakst, kransekake, pølser og anna! Tveiten Bær og Gardsprodukt sel eigne produserte varer, samstundes som at dei også sel for andre lokalmatprodusentar som til dømes Ikeland Gard og Heimelagamat frå Pøylo.

Foto: Tina Monslaup 

Når du startar for deg sjølv må du gå «All in»

Det å sarte opp eiga verksemd har lenge vore ein draum for Trude og Thomas, «Når vi fyrst bestemte oss har vi verkeleg gått «All in», fortel Trude. Dei driv i dag garden på Tveiten, og har hatt nye idear om korleis dei skulle drive garden vidare. Dei har i dag landa på; villsau, bringebærproduksjon, eigen lokalmatbutikk og baking.  I starten fekk dei gode hjelp av landbruksrådgjevarar som hadde stor tru på bringebærproduksjon, landbruk og lakolmatproduksjon. Etter mange kurs og mykje søknadsskriving  har dei to klart å få opp ein bringbæråker med bærtunell og bærplanter. Når det gjeld bringebæra har dei prøvd og feila litt, og sjølvsagt har avlingane på bringebæra blitt påverka av korleis været har vore dei ulike åra. Trude fortel at dei får god hjelp i sommarhalvåret med å plukke bæra, og for ho er det ekstrem viktig at bæra er av høg kvalitet, og at kun dei beste bæra vert plukka ut til kunden. Bringebæra har også gitt moglegheit for syltetøyproduksjon – noko som har vorte ein av hennar mest selde produkt. «Det er kjekt at folk kjem igjen og spør etter syltetøyet mitt, ler Trude!». Trude har bakgrunn som førskulelærar og gartnar. Gartnarutdanninga tok ho i Ulvik i Hardanger. I desse åra lærte ho mykje, blant anna hadde ho praksis på Syse Gard. Og det sådde kanskje eit frø i til å starte opp for seg sjølv; «I Hardanger er dei så flinke med alt som har med mat, forelding av råvare, dyrking og mattradisjon, og dei er så stolte av det dei gjer! Det er dette vi skulle ha fått til i Nordhordland også!»
 
«Læringskurva har vore bratt sidan vi starta i 2014», fortel Trude,  denne tilværelsen har no vorte ein livsstil! Gjennom denne prosessen har det vore både oppturar og nedturar, men det å skape noko er det som driv oss! «Eg og Thomas er det perfekte team, vi utfyller kvarandre svært godt – eg som ideskapar og Thomas som realist, dette gjer at vi har vurdert grundig mange ulike typar idear før vi vel å starte opp med det». 
Foto: Tina Monslaup 

Nysteikte bollar på tunet

Trude har lenge hatt stor interesse for baking, og då spesielt gjærbakst. Ho har tatt fleire kurs, og bakar i dag ein del langtidsheva gjærbakst. Baking har dermed vorte ein stor del av Tveiten Bær og Gardsprodukt. «Det beste eg veit er når ungane kjem frå skulen og kjem springande inn på tunet og spør om dei kan få kjøpa nysteikte bollar – det er ein god dag på jobb!». Trude har i butikken sin også eige kjøkken kor ho bakar bollar, brød og andre godsaker. Det som det går mest av er rundstykkene, kanelsnurrar og brød. Ofte starta arbeidsdagen til Trude kl. 02.00 om natta, då skal deigen setjast og gjærbaksten skal bli ferdig. «Det er jo sjølvsagt hardt å stå opp så tidleg, men det er også ei fin tid –  det er liksom heilt roleg kor ein kan draume seg vekk i sine eigne tankar».
 
«Eg trur manen min og ungane mine har blitt bortskjemt, eg kan ikkje lenger kjøpe brød på butikken, så «bakar» vert eg nok livet ut – slenger eg eit kjøpebrød på disken, då ser dei berre dumt på meg!», ler ho. Folk i nærleiken avsluttar ofte søndagsturen sin hjå Trude, då set folk seg ned å tar bolle og kaffi hos ho, samt ein liten prat. Oppskriftene som Trude brukar har ho laga sjølv, og dei er spissa og vurdert grundig slik at det skal vere riktige forhold mellom ingrediensane.


Foto: Tina Monslaup 

REKO – RINGEN, ein ny salskanal for lokalmatprodusentar

Tveiten Bær og Gardsprodukt tenker også nytt og er ikkje redd for å henge seg på nye trendar. I desse dagar har det komme eit nytt konsept til Norge og Vestlandet; REKO – RINGEN. Dette er ein salskanal for lokalmatprodusentar, kor ein kan selje direkte til kunden utan å ha mellomledd. Konseptet er organisert slik at ein har valt ein dag og ein plass for utsal, lokalmatprodusentar marknadsfører via REKO – RINGEN si gruppe på Facebook kor kundane kan førehandsbestille produkta. Kunden møter dermed opp på gitt dato og gitt plass, og får levert sine førehandsbestilte produkt. Tveiten Bær og Gardsprodukt var med på den fyrste pilotrunden 15.mars kor kundane møtte opp på IKEA i Åsane for å handle gode produkt frå ulike lokalmatprodusentar. «Eg synest det er spennande å vere med på nye ting, og REKO – RINGEN er ei god ordning som kan gi oss fleire kundar utanfor vårt lokalområde. Eg ser fram til fleire slike utsalsdagar, og eg trur etter at konseptet har vorte litt betre kjent, så kan dette vere ein god salskanal for framtida!».

  Vegen vidare

«Eg liker alltid å finne på nye ting, så ein skal ikkje sjå vekk i frå at vi finne på nokon nytt som vi kan selje», ler Trude. I framtida tenker dei at det kunne  ha vore kjekt å starta med produksjon av grønsaker eller andre bær.
 
Gjennom denne prosessen har det vore mange gode hjelparar, familie, landbrukskontoret, landbruksrådgivingen, Innovasjon Norge og Nordhordland Næringshage har alle vore gode bidragsytar som har bidrege til å forenkla prosessen i det å starte for seg sjølv. Elles er nettverk heilt nødvendig fortel Trude! «Det er viktig på mange måtar, du får kontaktar ut til potensielle kundar og nye konseptet – men også venner/"kollega" som jobbar i same bransje». «På slike felles samlingar  møter ein personar som er i liknande situasjon, og det er kjekt å kunne ha nokon å snakke med som forstår problema ein står opp i». I nærmaste framtid skal  vi i Nordhordland Næringshage no hjelpe Trude med heimeside, slik at marknadsføringa og kommunikasjonen ut til kunden vert enklare. I desse dagar er Trude også med i prosjektet Smaken av Nordhordland, som er ein felles satsing for lokalmat frå Nordhordland. «Det å kunne jobbe saman som lokalmatprodusentar er viktig, vi kan då stå sterkare saman uttadd til kunden».
​

Ta turen innom Tveiten Bær og Gardsprodukt i påska, dei har opent  påskeafta frå kl.11.00 -14.00, ta påskehandelen her! Vi er så glad for at de er målbedrift hjå oss, stå på vidare!

Foto: Tina Monslaup 
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø.

    Arkiv

    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    October 2020
    September 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    June 2019
    May 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    Covid19
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

KLAR BEDRIFT AS

Om oss
Våre teneste
Grafisk profil
Kurs og arrangement
Månadens bedrift
​Personvernerklæring
Møteromsbooking
Leige kontorplass
© 2021 klarbedrift 
post@klarbedrift.no
​
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
​Org. 912 388 891

  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv