KLAR
  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv

Månadens bedrift for august - Solund Verft

5/9/2018

Comments

 

Solund Verft ei hjørnesteinsbedrift i havgapet

Picture
Foto:Tina Monslaup 
​Ytters i Sognefjorden ut mot Nordsjøen finn vi øykommunen Solund, med 794 innbyggjarar. Her ute finn vi verksemda Solund Verft – eit fleksibelt og allsidig verftsanlegg. Morten Fuglum dagleg leiar i Solund Verft fortel at verftet er eit fleksibelt verftsanlegg som driv med nybygg, ombygging, utrustning, vedlikehald og reperasjon av båtar. Verksemda  har ikkje berre næringsverdi, men også samfunnsnytte for det vetle øysamfunnet. Solund Verft er ei viktig hjørnesteinsbedrift i Solund, som bidreg til 27 arbeidsplassar. «Det å skape arbeidsplassar for Solund er ein av dei viktigaste oppgåvene vi gjer», påpeiker Morten.
Solund Verft har dei siste åra hatt mange oppdrag, og fleire fartøy inne på verftet; som enten treng reperasjon, utrusting eller vedlikehald. Innimellom får dei også oppdrag som krev nybygg av båtar, som til dømes kabelferjer eller kystnotfartøy. «Vi har dyktige fagfolk som saman gjennomfører dei fleste oppdrag på båt, vi har både mekanikarar, platesveisarar, sveisarar, malarar og elektrikarar som dagleg gjennomfører mindre og større oppdrag for havbruk – og fartøysnæringa. Lokaliseringa av verftet vårt ligg høveleg til for våre kundar, vi er på ein måte midt i smørauge for båtar som farta langs vestlandskysten».

 HØGT UNDER TAKET 

Når ein går inn i hallen på verftet vert ein berre ståande å sjå opp, hallen er på heile 25 meter høg og 65 meter lang. Hallen vert bygd i 2010, og har gjort verftet svært ettertrakta med tanke på et ein no kan ta inn større fartøy, fartøy som er opptil heile 75 meter. Samtidig som at ein med ein slik stor hall også har moglegheit til å lagre fleire båtar som skal malast eller som krev arbeid innandørs. «Dette har gjort arbeidet rundt fartøya mykje enklare og meir praktisk» fortel, driftsleiar Frank Ødejord. Slippsystemet er av type syncrolift som kan ta opp båter med max lengde 75 meter og har ein løftekapasitet på heile 1000 tonn. Kaia er også ideell for oppdrag på fartøy, dei har nemleg ein kai på heile 200 meter, som gjer at dei ta oppdrag ved kaia.

FORNØGDE KUNDAR 

«Det er kjekt å kunne oppleve at kundane kjem igjen», fortel Frank.  «Kundane som vi har er fornøgde med det vi gjer når det gjeld pris, men også kvaliteten på handverket vi gjer på dei ulike oppdraga. Det fortel oss at det vi gjer er bra, og at det vi gjer også kan vere berekraftig for framtida. Kundane våre er fiskefarty, kystfraktebåtar, brønnbåtar, forflåter, arbeidsbåtar og ulike spesialbåtar. Til dømes er desse kundane frå selskap som; Fjord 1, Norled, Marine Harvest, Firda Sjøfarm med fleire». ​

SOLUND VERFT EIN DEL AV WERGELAND GRUPPA

I januar 2018 vart Solund Verft kjøpt opp av Wergeland Gruppa, og er i dag ein del av konsernet Wergeland. «Det er spennande å bli ein del av Wergeland Gruppa, det er godt å ha dyktige, robuste og erfarne fagfolk i ryggen når ein driver innanfor denne bransjen, fortel Morten.  Vi ser fram til vidare samarbeid og utvikling internt i konsernet».

 SOLUND VERFT EI SAMFUNNSORIENTERT VERKSEMD

«Det er ein eigen skaparglede og driv i Solund som er nokså skjeldan, og det å få opp ei verksemd som Solund Verft er svært viktig for plassen, saman men alle dei andre verksemdene her på Solund. Det å skape arbeidsplassar bidreg til at det kan forsette å bu folk her ute i havgapet». Solund verft har også hatt lærlingplassar – kor nokon reiser, medan andre blir verande igjen på Solund.

Vi i Næringshagane for Utvikling og Vekst er stolte av å ha dykk som målbedrift, stå på vidare! 
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø.

    Arkiv

    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    October 2020
    September 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    June 2019
    May 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    Covid19
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

KLAR BEDRIFT AS

Om oss
Våre teneste
Grafisk profil
Kurs og arrangement
Månadens bedrift
​Personvernerklæring
Møteromsbooking
Leige kontorplass
© 2021 klarbedrift 
post@klarbedrift.no
​
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
​Org. 912 388 891

  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv