SALT + HELSE = SANT ![]() Foto: Tina Monslaup Etter å sjølv ha blitt kurert for sine eigne helseplager gjennom naturmedisin, fekk Nina Riple Brekke ein ide og eit ynskje om å kunne hjelpe andre menneske som sleit med liknande eller andre helseplager. Dette ynskje resulterte i at ho og ektemannen Tormod Brekke starta opp verksemda Saltair. Nina er utdanna heilpraktikar og tilbyr i dag ei rekkje tenester innan naturmedisin, kor ho behandlar menneske med sjukdommar og helseplager med hjelp frå naturmedisinen sine eigne metodar. Samstundes driv ho også med haloterapi - kor terapien skjer gjennom mineralet salt. Dette var ei interesse ho fekk etter å ha deltatt på årsmøtet til NLH (Norges Landsforbund av Homøopraktikere), kor ein gründer fortalde om sin oppstart av saltgruve og salterapi på Søgne. Behandlingane som er gjort ved Saltgruva i Søgne har vore svært vellukka, og det er i dag snakk om at sjukehusa skal forske meir på mineralet salt, og kva innverknad saltet kan ha på helsa vår. Mange lurer nok på kva salt har med helse å gjere, fortel Nina, men i utganspunktet er det ganske enkelt. I vårt lokale på Fonnes har vi prøvd å attskape atmosfæren og konseptet som baserer seg på dei gamle europeiske saltgruvene. I behandlingsrommet har vi installert ei maskin som finknuser farmasøytisk salt til nanopartiklar, som då pasienten pustar inn. Saltet har den effekten at den reduserer hevelsar i bronkiane, og at slim løysast opp. Denne forma for behandling kan vere svært effektiv for menneske som slit med for eksempel astma, kols, biholebetennelse, lungebetennelse og allergiar m.m. Behandlingsmetoden kan også førebygge pollenallergi og influensa, spesielt vist ein startar saltbehandlinga før polensesongen er i gang. Behandlinga kan også få bukt med avhengigheit i høve til nasespray. Salterapi kan gjere det lettare for pasienten å puste, slik at vedkommande kan få meir energi og overskot. Behandlingsrommet har også vorte eit rom for stillheit og avslapping – i ein stressande kvardag er det viktig å setje av tid til å kople av. Saltair er eit svært unikt konsept, i dag er det berre fire andre stader i Norge ein kan prøve ut ei liknande teneste. Behandlingsmetoden er 100% naturleg, behandlinga kan brukast i lag med andre medisinar og så er det ingen biverknader ved å ta i bruk denne behandlinga. Behandlinga kan også høve seg for born som slit med astma, allergi og søvnproblem. Alle som vil prøve skal få den fyrste time gratis, fortel Nina. Foto: Tina Monslaup Klinikken er open for alle Nina oppfordrar alle til å ta ein tur innom klinikken hennar på Fonnes, Saltair er for alle; born, ungdomar, vaksne og eldre. Ein kan komme aleine, eller saman med andre. Nina påpeiker at Saltair kan verte ein møtestad for eldre eller andre; «Eg har alltid kaffikanna klar! Og viste ein berre vil slå av ein prat med meg eller andre venner – kan ein berre ta turen innom klinikken min». Det er mogelegheit for at seks stykk kan behandlast samtidig. Tar ein behandling saman vert behandlinga omgjort til ein sosial og triveleg aktivitet. Nina fortel at skulle det vere behov for overnatting, mat, kaffi og eller berre ein liten prat, er dette noko ho kan fikse! Ein kan også kombinere behandlinga med ferie, og har ein bubil, så er det mogelegheit for å parkere utanfor klinikken. Austrheim er ein vakker plass med mange naturfasilitetar så ein kan jo kombinere friluftsliv, turar i fjell og mark med behandlinga på Saltair. Vi har også rullestolrampe, så om ein sitt i rullestol så skal det ikkje vere noko hindring for å komme inn hit. Er du ein del av lag og organisasjonar er det også mogelegheit for å bestille gruppetimar, kor behandlinga i Saltair kan verte ein fellesaktivitet internt i organisasjonen – som t.d. teambuilding. Kva er naturmedisin? Når folk høyer om naturmedisin og alternativ medisin er ofte folk litt skeptiske, men det er ingen grunn til å vere skeptisk! Tanken bak det heile er å hjelpe folk med helseplager gjennom naturleg behandling. «I mi drifting av Saltair har eg to målsetningar; kor den eine er å førebygge sjukdom. Det vil sei at det er viktig å tenke på helsa i tidleg alder, og tenke på korleis ein kan vedlikehalde kroppen på ein best mogeleg måte. For dette formålet kan ein ta i bruk mine tenester, som t.d. kosthaldsveiledning. For det andre er eg svært oppteken av å komme i dialog med pasientar – kor eg saman med ein lege kan finne gode løysingar for pasienten. Ein då kan kombinera naturmedisin og skulemedisinen. I hennar behandling er det er viktig å sjå heile menneske i ein samanheng, og at sjukdommar og helseplager ofte kan skyldast fleire ting. Det er difor viktig å finne ut kor i kroppen det er ubalanse, og kor ein kan gå inn for å attskape balansen i kroppen. Slit du med hovudverk, slappheit, manglar energi, forstopplese, verk i ledd, utslett eller andre ting, så er det berre til å ta turen innom Saltair, og kanskje kan ho hjelpe akkurat deg. Nina tilbyr behandling og terapi gjennom behandlingsmetodane; DRT – analyse, koppingsterapi, øyreakkupunktur, dornterapi, soneterapi, homeopati, homotoxologi, pek, irisanalyse, fotsoneterapi, kosthaldveiledning, matvareintoleransetest og oppfølging av dette. Ho har også utsal av vitamin og mineral i klinikken, og har ein behov for noko spesielt kan ho også bestille inn ulike produkt. Draumen er å utvide konseptet – er på utkikk etter eit lite småbruk I dag er Nina og Tormod på utkikk etter eit lite nedlagt småbruk eller ei næringstomt ved sjøen, kor dei kunne ha utvikla konseptet Saltair. Med større plass kunne ein ha utvida tilbodet til fleire typar behandlingar, for eksempel behandling for reumatikarar og psoriasispasientar. Så er det nokon som veit om ein slik type plass, så er det berre å skrike ut, ler Nina. Både eg og Tormod er gründerar, så god plass kor vi begge kan utvikle verksemdene våre er berre ein fordel. Det å starte opp for deg sjølv er ingen dans på roser Det har vore fleire utfordringar med det å starte opp for seg sjølv, fortel Nina. Det å få nok kundar og det å få marknadsført seg på ein god nok måte, er krevjande! For utanom å drive eiga verksemd jobbar også Nina Offshore, kor ho jobbar to veker på og fire veker av. Ektemannen, Tormod tar seg av klinikken medan ho då er vekke i sin andre jobb. Vidare fortel ho at det å bli målbedrift i Nordhordland Næringshage har vore svært viktig for ho. Næringshagen har bidrege med både råd, støtte, marknadsføring, dei har satt i gang tilstellingar med andre bedrifter og næringsaktørar, samt at dei har gitt ein peikepinn på kva ende ein skal begynne i når ein startar opp for seg sjølv. Nina og Tormod gler seg til fortsettinga, og håper at fleire vil ta turen innom Saltair på Fonnes. Det er berre å stikke innom om du er nysgjerrig, eller om du berre vil slå av ein prat. Foto: Tina Monslaup
|
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|