I helga har målbedrifta vår Vidsyn arrangert julehelg. Fleire av våre målbedrifter deltok også i denne helga med både sal av varer og tenester.
Fredag den 24.november kom Hallvard Oppedal, ordførar i Gulen kommune, innom Vidsyn for å opne peparkakelandsbyen. Det har komme inn heile 27 bidrag, som alle er utruleg flotte. Bidraga er både frå barnehagar, skular og privat personar. Peparkakelandsbyen vil verte open i heile desember, og så vert det kåring av dei beste bidraga 16.desember. Her vert det kåring av det beste bidraget frå skular/barnehagar og det beste bidraget som er sendt inn av privat personar. Denne helga var det også julemarknad kor både butikkane på Vidsyn deltok, samt utsillarar utanfrå. Det var tilsaman 9 utstillarar som solgte varer på marknaden, og fleire som fekk handla julegåver og anna hos dei. På laurdagen kom også nissen, ungane som var tilstades var svært fornøgd med besøket, og at han hadde med noko godt til alle i sekken sin. |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|