Viktig informasjon til arbeidsgivarar i Nordhordland vedrørande permitteringar/oppseiingar
Dei neste dagane og vekene forventar NAV stor pågang fra arbeidsgivarar som treng bistand og veiledning for å sikre at varsel om permitteringar eller oppseiinga vert gjort på ein god måte. Her kjem nokre råd, tips og anbefalingar som kan bidra til ein god prosess for både arbeidsgivar og dei berørte tilsette. Varsel om permitteringar/ oppseiingar skal meldast til NAV Ein arbeidsgjevar som skal permittera ti eller fleire tilsette skal gi melding til NAV om dette så tidleg som mogleg. Dette gjer dei ved å nytta skjemaet «Arbeidsgjevars meldeplikt til NAV ved masseoppseiing, permitteringar utan lønn og innskrenkningar i arbeidstida» (NAV 76-08.03) Me oppmodar alle bedrifter om å varsla NAV. I tillegg til å varsle på vanleg måte med skjemaet, kan arbeidsgjevarar ta direkte kontakt med oss, på mail eller tlf/ sms, seier Jane Britt Daae. Skjemaet NAV 76-08.03 skal sendast pr.post, men for at NAV raskt får informasjonen, er det best å sende på e-post. Ring eller eller send SMS viss det er spørsmål
Informasjon og råd til tilsette som permitterast Tilsette med permitteringsvarsel skal ikkje henvende seg til sitt lokale NAV-kontor. Dei finn oppdatert informasjon på nav.no. Arbeidsgivar må sørge for at tilsette som er omfatta av permitteringa får den nødvendige dokumentasjonen frå arbeidsgivar, slik at NAV får til ein smidig behandling av søknadar om dagpengar. Viktige vedlegg som arbeidstakarar må ha med i søknaden:
Permitteringsvarselet må innehalde følgende: skal vere datert, angje varselfrist, permitteringsårsak, permitteringsgrad, permitteringsperiode, kven som er permittert og at det føreligg underskreven protokoll på at vilkår for permittering er oppfylt. Det skal og koma fram kva dagar arbeidsgivar har lovpålagt lønsplikt. Varslingsperioden vert rekna i kalendardagar, medan lønspliktsperioden vert rekna i arbeidsdagar Arbeidsgjevarorganisasjonane utarbeider ofte eigne malar, men du finn òg ein mal på Altinn som alle har tilgang til: Permitteringsvarsel
Eksempel på bekrefting på arbeidsforhold: Ola Nordmann har vore tilsett hos Bedrifta som økonomimedarbeidar sidan januar 2008. Han har jobba i ein 100 prosent stilling til dags dato med ordinere arbeidstider. Kort veiledning for registrering som arbeidssøker hos NAV
Vi oppfordrar alle arbeidsgivarar til å holde seg oppdatert på våre nettsider. Viktige lenker:
|
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|