Bedrifter knytta til ein næringshage eller inkubator har høgare verdiskaping enn sammenlignbare bedrifter som ikkje er ein del av Siva sitt nettverk viser ny rapport. Ei evaluering av Siva sine næringshage- og inkubasjonsprogram viser at ordningane er viktig for næringslivet. Fire av fem bedrifter er fornøgd med tilbodet. Evalueringa framhever at Siva sine næringshagar og inkubatorar er ein viktig del av dei regionale innovasjonssystema. Siva sitt nettverk bidreg til å byggje kompetanse, dele erfaring og stimulere til samarbeid. Nytteverdien er aller best for bedriftane som er samlokalisert og ein aktiv del av miljøet. Effektive verktøy for vekst![]() – Vårt mål er at Siva sine innovasjonsprogram skal være gode verktøy for utvikling av næringsmiljøer og gi auka verdiskaping i bedrifter som virker i distrikta. Vi er tilfreds med at evalueringa no viser at programma fungerar svært godt for bedriftane, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Næringshageprogrammet har eit særlig ansvar for distrikta og skal bidra til auka verdiskaping og vekst i næringslivet i heile landet. ![]() – Vi er opptatt av å ha effektive virkemidlar for vekst og verdiskaping som treff næringslivets behov. Det er viktig at våre virkemidlar kontinuerleg tilpassast eit næringsliv i omstilling, kommenterar næringsminister Monica Mæland. Midtveisevalueringa er gjennomført av Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet, i samarbeid med Ideas2Evidence og Samfunns- og næringslivsforskning. Les evalueringsrapporten her.
Næringshagane for utvikling og vekst er stolte av å være ein del av dette nettverket, og at vi kan være med å bidra til verdiskaping i vår region! Sjå effekten av Siva og oversikt over Siva sine inkubatorar og næringshagar |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|