I samarbeid med Karriere Hordaland/Hordaland fylkeskommune og NAV inviterer Næringshagane denne hausten til frukostmøter i fleire av kommunane i regionen. I møtene vert det informasjon og prat knytt til næring og utvikling, rekruttering og karriere. Neste møte vert halde på Dampen, Knarvik, onsdag 17.oktober. Påmelding her POSITIVT SAMARBEID Næringshagane, NAV og fylkeskommunen opplever samarbeidet kring møtene som positive. Hanne Tysnes, rettleiar ved fylkeskommunen sitt nystarta karrieresenteret i Hordaland er begeistra for samarbeidet og fortel at det er heilt sentralt å ha kunnskap om lokalt nærings, samfunns- og arbeidsliv for å kunne yte god rettleiing til dei som oppsøker senteret. - Allereie no ser me fordel av trekantsamarbeidet. Fleire av dei som kjem til oss går td. med tankar om å starte for seg sjølv, og da er det nyttig å kjenne til det lokale virkemiddelapparatet knytt til etablering. Anne Lise Wilkensen, marknadskoordinator for NAV Nordhordland er nøgd med samarbeidet. - NAV må til ein kvar vere oppdatert på kva som rører seg i næringslivet. Næringshagane er tett på dei lokale bedriftene og saman kan vi bistå bedrifter og brukarar på ein god måte. Karriere Hordaland er eit spennande supplement til den veiledninga NAV kan gje om utdanning, yrker og arbeidsmarknad. Saman med NAV og Næringshagen utfyller vi tre aktørane kvarandre på ein god måte, samtidig som vi kan dele relevant informasjon til gode for brukar og bedrift". DET HEILE STARTA PÅ AUSTRHEIM Første møte i frukostmøterekka vart gjennomført i lokalene til Næringshagen på Austrheim 13.september 2018. Her kom eit godt knippe aktørar frå lokalt næringsliv som mellom anna fekk høyre marknadskoordinator i NAV Nordhordland, Anne Lise Wilkensen snakke om NAV sine moglegheiter for å yte rekrutteringsbistand, både digitalt og lokalt. Mellom anna kan NAV tilby kostnadsfri bistand til å finne aktuelle kandidatar til ulike jobbar og/eller verksemder kan, ved å opprette profil på nav.no, sjølv søke etter kandidatar i NAV sin database over arbeidssøkarar. Dei frammøtte fekk i tillegg nyheten om at karrieresenteret vil tilby karriererettleiing på Austrheim den siste torsdagen kvar månad, og lytte til ordførar i kommunen, Per Lerøy, som delte sin kunnskap om fortidas og notidas næringsliv i kommune og ikkje minst sine tankar for tida framover. Frukostmøte på Austrheim 13.9.2018. Bildeserie. Foto: Tina Monslaup MELAND Neste møte i rekkja vart gjennomført på Meland. Trass eit forrykande regnvær kom fleire av representantane frå næringslivet i kommunen og fekk servert ferske rundstykker, kaffe og mykje nyttig informasjon lik den som vart delt på Austrheim, men med lokalkunnskap frå området. Med oss i møtet var ordførar Øyvind Oddekalv, som med entusiasme fortalde om stor entreprenørskapsand i kommunen, og trekte mellom anna fram Motitech, som er ei verkesmd som har fått internasjonal merksemd for produktene sine. Ordføraren nytta òg høvet til å fortelje om korleis kommunen jobbar med næringsarbeid pr. dd. og informerte om at planar som er lagt før samanslåinga til Alver 1.1.2020 vert tatt med inn i næringsarbeidet i den nye storkommunen. Meland 26.sepember 2018. Foto: Privat KREATIVT NÆRINGSLIV OG LÅG LEDIGHEIT I GULEN/MASFJORDEN Siste stad til no i rekka av frukostmøter var på Vidsyn, Sløvågen, torsdag 27.september. Her hadde mange møtt fram for å høyre på NAV og Karriere Hordaland, i tillegg til Næringshagane og ordførar i Gulen, Hallvard Oppedal. Vidsyn ligg i eit område med låg ledighet (Masfjorden 0,7% og Gulen 1,3%) og næringsliv med stor aktivitet. Oppedal trekte fram det varierte og godt drevne næringslivet i regionen, samstundes som han nevnte utfordringane med å skaffe nok bustader til folk som måtte ynskje å flytte til området for å bu og jobbe. Oppedal kunne fortelje at kommunen har stort fokus på dette og at målet er å ha fleire bu-moglegheiter å tilby i tida framover. Møte på Vidsyn 29.9.2018. Privat
MØTER FRAMOVER Neste moglegheit for å delta på frukostmøte med oss vert på Dampen 17.oktober. Etter det vert det halde møte på Radøy 7.november og Osterøy 20.november. Du kan melde deg på dei ulike møtene ved å trykke på staden du ynskjer å møte: Lindås Radøy Osterøy Tekst: Eldbjørg Ness |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|