![]() STUDIEREISE TIL KINA Saman med kollegaer frå innovasjonsmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane var Industriutvikling vest og Næringshagane for utvikling og vekst (Nordhordland næringshage, Gulen og Masfjorden Næringshage) på studiereise til Kina 25.-29.mars 2019. Her besøkte me teknologihubbar, start- up labs, produsjonsbedrifter og reiselivsoperatørar, og haddde møte med miljø som arbeider med norske interesser i Kina, inkludert den norske ambassade, BI og Innovasjon Norge. KVIFOR KINA? Kina med sine nær 1,4 milliardar mennesker, med ein stadig veksande forbrukarmarknad, er ein av norges viktigaste handelspartnarar i Asia. Det foregår ei rivande utvikling i landet, og kinesarane har særskilt fokus på oppgradering av teneste- og industrisektoren, noko som gir marknadsmoglegheiter innan grøne og smarte byar, entreprenørskap, helse og velferdsteknologi, bioøkonomi, kreative næringar, olje/gass og maritime tenester. (www.innovasjonnorge.no). Stadig fleire norske verksemder rettar blikket mot den kinesiske marknaden, og Norge er ein atraktiv handelspartnar for mange kinesiske bedrifter, og som reiselivsdestinasjon for eit aukande tal kinesarar. STORT POTENSIALE FOR DEI RETTE BEDRIFTENE Det å skulle etablere seg på den kinesiske marknaden er tøft og tempoet er raskt! For å lukkast er det viktig å være bevisst på kva ein vil og kor ein vil hen allereie frå første dag. For etablering av verksemd Kina er det svært viktig å ha dei rette partnerane og støtteapparat, som vil være med å sikre at ein oppnår suksess. Samstundes må ein treffe med riktig teknologien/ide på det riktige tidspunktet, og evne å henge med i eit hurtig tempo. Kinesarane er effektive, og når dei har bestemt seg for å utvikle/satse, så er vegen frå ide, produksjon og ut på marknaden kort. I løpet av studiereisa har Næringshagane og IUV kobla seg mot fleire relevante miljø som kan nyttast av bedrifter og gründara som tenker å gjere noko ift. kinesisk marknad. Kontakt oss for møte og start med best mogleg utgangspunkt! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|