Ikkje gå glipp av ein fantastisk festival!Festivalen «Ein smak av Austrheim» er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunen, Kystlandsbyen, Torghuset, Nordhordland Næringshage, næringslivet, frivillige og lag/organisasjonar. I år satsar me på nye matopplevingar og gler oss allereie no til at Odd Nordstoga med band kjem til festivalteltet fredag 30.juni. Festivalen vert arrangert frå 23.juni til 2.juli. Dugnad - kulturmidler til lag, organisasjonar og skular Festivalen oppmodar alle lag, organisasjonar og trinnkontakter ved 5-10. trinn ved Årås og Kaland skule å ta kontakt for dugnadsarbeide dekt av Austrheim Kommune sine kulturmidlar. Her er det muligheit å tena nokre kronar til felleskapet du er ein del av. Dugnad - frivillige Festivalen søkjer også etter andre frivillige til å gjera ein innsats for at festivalen skal verta ein god oppleving for alle. Du får mat på vakta di og dersom du meldar deg for fleire vaktar, får du tilgong til eit eller fleire arrangement. Arbeidsoppgåver: sal av billettar, rigging før og etter festivalen, servering og bar, vakthald, rydding, Vil du bidra på arrangementa? Festivalen oppmodar private, lag og organisasjonar som ønskjer å delta med aktivitetar på dei ulike arrangementa om å ta kontakt. Kanskje me kan utvikla din idé? Festivalen har som mål å vera ein samlingstad for alle innbyggjarane i kommunen, hytteeigarar og tilreisande. «Frå fjære til skog» - kurs i sanking og bruk av ville vekster i matlaging I samarbeid med «Ein smak av Austrheim» inviterar kokk Knut Erling Andersen og heilpraktikar Nina Riple Brekke til ei kursrekkje der ein får lære om korleis ein kan nytta bnokre ville vekster i matlaging. Meld deg inn i Facebook-gruppa «Frå fjære til skog» eller kontakt Nina på tlf 469 40 840 allereie no om du er interessert å vera med. Meir info kjem! Kontakt oss Ta kontakt med festivalsjef Jan Hopland på mobil 411 41 226, på Facebook #einsmakav, e-post festivalsjef@einsmakav.no, eller kom innom Næringshagen på Mastrevik Torg. Velkomen! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|