KLAR
  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv

Bergen Matfestival i september var eit høgdepunkt for prosjektet Smaken av Nordhordland

8/10/2018

Comments

 
Smaken av Nordhordland er eit prosjekt i regi av Region Nordhordland og UNESCO biosfæresatsinga, som set eit etterlengta fokus på lokalmat frå vår region. Prosjektet starta opp i fjor haust, og skal vere ein samlande og støttande part for aktørar  som forvaltar og distribuerer lokalmat frå Nordhordland.  Prosjektet har i 2018 hatt to samlingar kor ein har satt fokus på kompetanseheving innan Mattryggleik, samt at ein har samla produsentar og salsledd for å bygge samarbeid og nettverk.  Prosjektet har fått mykje finansiell støtte frå Hordland Fylkeskommune for å drifte dette prosjektet fram på det nivået som det er i dag. Ein av dei store satningane i 2018 var fellesstand under Bergen Matfestival 31.august - 2.september. 
Picture
Dei 9 lokalmatprodusentane – og reiselivsbedriftene frå Nordhordland, Gulen og Solund var svært nøgd med sal, marknadsføring og nye samarbeid som har sprunge ut frå denne festivalen. ​Prosjektet Smaken av Nordhordland har organisert og delfinansiert fellesstanden til aktørane frå Nordhordland og omeng. «Bergen matfestival er ein av Norges største matfestivalar og er ein flott sal – og marknadsføringsarena for våre lokalmat – og reiselivsbedrifter å delta på» fortel prosjektleiar Hildegunn Opdal. «Vi er i lag med Hardanger dei fyrste som vel å dele seg inn etter regionar, noko som er eit pilotprosjekt for festivalen si side dette året, kjekt å kunne vere ein av dei fyrste som prøver dette ut».  Under telttaket vårt har vi alt i frå aktørar som driv med Mikrogrønsaker til Vaktelegg – dette seier noko om bredda vi har i vår region. Bedriftene som var med under fellesstanden var: Isdal Tun, Ikeland Gard, Hindenes Urtehage, Solundmat, Tveita Gardsmat, Mikrogrønt, Kilstraumen Brygge, West Sea Shipping og Skjærdgårdsfisk Visningssenter. Så spørsmålet er vell eigentleg, kven er alle desse?
Picture

​
Isdal Tun – vaktelegg frå Isdalstø 

​Isdal Tun har både høns, vaktlar, ender og kalkun, og Anne – Karin Vatne og Simen Ødegård Vikdal sel egg frå alle desse typane av fjær kre. Anne – Karin og Simen er nokså fersk i gamet og dei starta opp i 2015, og begynte med sal i år, då for fyrste gong ved å nytte seg av distribusjonskanalen REKO – ringen.  Dei to held til i Isdalstø, og salet  av egg har i fyrsteomgang vore ein hobby. «Det å vere med på Bergen Matfestival har vore ein god læringsarena, profileringarena og salsarena for oss. Vi har no fått ei bilde på korleis det er å vere med på marknad. Vi har kun fire pakkar igjen frå det vi hadde med – så det må seiast å vere ein suksess», fortel Anne – Karin.
​

Ikeland Gard – spekemat frå Seim 

​Kjersti Linn og Sigve Andreas Hopland driv eit småbruk på Seim i Lindås – kor dei har 40 sauer. Dei forvaltar råvarene på garden til flotte lokalmatprodukt som vert selt til kunden; alt i frå pølser, pinnekjøt, rull og fenalår.  Kjersti Linn har fått opplæring av sjølvaste Magnhild Dyrdahl og vidarefører fleire av hennar oppskrifter, men sjølvsagt med Kjersti Linn sin eigen vri. Dei har no fått støtte av Innovasjon Norge til å bygge eige produksjonslokale på garden. «Salet på Bergen Matfestival har vore bra, og det er kjekt at vi kan stå samla under ein fellestand for Nordhordland», fortel Kjersti Linn.

​

Hindenes Urtehage - Urter og te frå Ostereidet 

Inger Øyna Jordal er lokalisert på Ostereidet i Lindås, ho har sidan 1998 dyrka økologiske urter som råstoff til mange ulike krydder og velsmakande te. Inger har ein urtehage, kor ho dyrkar rundt ein 20 ulike typar urter. Under Bergen Matfestival selte ho også lappa av økologiske ingrediensar. «Det er kjekt å kunne stå samla under denne festivalen og bli kjent med andre liknande produsentar. Til dømes skal Tveita Gardsmat no ta inn mine produkt i den nye gardsbutikken i Gulen»
​

Tveita Gardsmat – Bær og kjøtprodukt frå Gulen 

Picture
​Tveita Gardsmat er driven av Kathrine Styve Høydal frå Gulen, ho har drive på sidan 2001 – då var hovudfokuset på catering. Det er dei siste åra at ho har fokusert meir på lokalmat. Ho produsera i dag pølser, burgar, saft, syltetøy, kjøttkaker m.m. I desse dagar driv ho å bygger ny kafé og gardsbutikk i Tveita i Gulen, som vert opna i løpet av hausten. Det er også fyrste året at dei driv med bringebær. «Det er mykje som skjer om dagen, og vi håper at mange vil komme og besøke oss i Tveita», fortel Kathrine. Ho har allereie begynt å fått flotte samarbeid med fleire av dei andre frå telte til Norhordland, ho vil då selje deira produkt i gardsbutikken hennar. 
​

Mikrogrønt – mikrogrønsaker frå Knarvik 

​Mikrogrønt er ein nyoppstarta verksemd frå Knarvik, som dyrkar mikrogrønsaker. Verksemda er  driven av Remi Moldsred og Linda Jargren. Allereie har dei fleire av Bergen sine finaste restaurantar som kundar, som til dømes Cornelius og Restaurant 1877. Denne helga har dei fått både nye restaurantkundar, samt privat kundar. Under festivalen sin gastronomikveld var mikrogrønsaken på plass – og kokkane jublar over ein flotte grøne vekstane! «Det har vore ei flott helg med god marknadsføring og godt sal, ikkje verts å få fullside i Bergen tidene, som skreiv om oss som ein av utstillarane. Vi er glad for alle som har hjelpt oss denne helga! Spesielt må vi takke Kayla Jargren 14 år, som fleire av kundane statuerte til ein fantastisk seljar som dei ikkje kunne motstå å kjøpe mikrogrønsaker av», fortel Remi.

Solundmat – kjøtt og fisk frå Solund

​Solundmat har blitt inkludert under teltet til Nordhordland, dette grunna mykje tette samarbeid med både utviklingsaktørar og kundekontakt i denne regionen. «Vi ligg jo litt for oss sjølv der ute i havgapet, så det er kjekt å få kunne stå ilag med denne flotte gjengen her» seier dagleg leiar Øyvind Lending. Solundmat er ei verksemd i stadig vekst frå øyriket i Ytre Sogn, og dei sel både pølser, spekemat, fenalår, klippfisk og klippfiskburgar. Øyvind er nøgd med salet under festivalen, og samarbeidet med aktørane frå Norhordland. 

​

​Salmon Safari – eit reiselivskonsept frå Austrheim 

Under årets festival stod West Sea Shipping, Kilstraumen Brygge og Skjærdgårdsfisk Visningssenter i lag for å promotere deira nye reiselivssatsing Salmon Safari. «Ja, kva gjer eit rederi på ein matfestival?» seier dagleg leiar i West Sea shipping Tore Strømsnes. «Jo, ein må alltid tenke nytt og vi har ved hjelp frå Nordhordland Næringshage blitt kopla opp mot Kilstraumen Brygge og Skjærdgårdsfisk Visningssenter,  kor vi ser på moglegheita for eit reiselivskonsept som set havet og fisken i fokus». Salmon Safari er ei reiserute som går frå Bergen til Bøvågen i Radøy  -  kor ein vil få omvising på visningssenteret. Vidare vil West Sea shipping ta deg til Kilstraumen Brygge, kor du vil få servert god middag, turen går etter dette så til Bergen igjen. «Dette er eit konsept som vert lansert i 2019, som vi loddar stemninga for under Bergen Matfestival i år», fortel Tore. «Det er kjekt å tenke nytt og sjå koplingar mellom ulike næringar, reiseliv og lokalmat er ein sentral kopling, som vi synest det er spennande å ta del i». 

 
Bergen Matfestival 2018 har med dette vore ein suksess for aktørane frå Nordhordland, Gulen og Solund! 
​
Comments

    Kva skjer

    Her finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø.

    Arkiv

    March 2021
    February 2021
    January 2021
    December 2020
    October 2020
    September 2020
    July 2020
    June 2020
    May 2020
    April 2020
    March 2020
    December 2019
    November 2019
    October 2019
    September 2019
    August 2019
    June 2019
    May 2019
    February 2019
    January 2019
    December 2018
    November 2018
    October 2018
    September 2018
    August 2018
    July 2018
    June 2018
    May 2018
    April 2018
    March 2018
    February 2018
    January 2018
    December 2017
    November 2017
    October 2017
    September 2017
    August 2017
    July 2017
    June 2017
    May 2017
    April 2017
    March 2017
    February 2017

    Kategoriar

    All
    Covid19
    KompetanseFORUM
    Ledige Stillingar
    Månadens Bedrift
    Medlemssamling
    Nyhende

    RSS Feed

KLAR BEDRIFT AS

Om oss
Våre teneste
Grafisk profil
Kurs og arrangement
Månadens bedrift
​Personvernerklæring
Møteromsbooking
Leige kontorplass
© 2021 klarbedrift 
post@klarbedrift.no
​
Sløvågen 2, 5960 Dalsøyra
​Org. 912 388 891

  • Satsingsområde
    • Ny bedrift
    • Utvikle bedrifta
    • Prosjekt
    • Grafisk profil
  • Våre tenester
    • Kontorplass/ møterom
    • Korona-tiltak
  • Bedrifter
    • Våre bedrifter >
      • Landbruk og gardsmat
      • Bygg og anlegg >
        • Reiseliv, servering og overnatting
      • Tenesteyting
      • Industri
      • Havbruk og maritim næring
  • Nyhende
    • Kalender
    • Månadens bedrift
  • Kontakt oss
    • Om oss
    • Tilsette
    • Ledige stillingar
  • REISELIV
    • Reiselivsmøte
    • Reiselivskonferanse
    • Instagramkonkurranse
    • Kurs i pakketering
    • Møteplass for reiselivet
    • Covid19 Reiseliv