Som eit tiltak for Covid19-ramma verksemder lyste Vestland fylkeskommune ut midlar til akutt-tiltak for næringshagar og inkubatorar. Næringshagane for utvikling og vekst har fått tildelt kr 900 000 til å støtte opp om næringslivet som er ramma.
Prosjektet vil i hovudsak ha fokus på omstilling, samhandling og krisehandtering hjå reiselivs- og servicebedrifter ramma av krisa, men også andre verksemder som kan ha behov for rettleiing. Bransjar som vart pålagd stengd av staten grunna Covid19 har store utfordringar med å handtere krisa. Næringshagane ønskjer å legge til rette for ein mobilisering til samarbeid og felles profilering, for å styrke reiselivet og gjere regionen attraktiv i tida etter korona, og for framtida. Samtidig jobbe for å gjere tilbodet betre rusta slik at dei ikkje konkurrerar om same kunden, men gjev tilbod til fleire målgrupper, gjennom samarbeidet. Ein vil og jobbe aktivt opp mot enkeltbedriftene for å styrke omstillingsevna, for å tilpassa tenestetilbodet til nye målgrupper, og kunne ta i bruk nye verkemiddel og tiltakspakkar. Bakgrunnen for søknaden er utbrotet av Covid19 som har ramma store delar av næringslivet. Fleire verksemder, spesielt innan reiseliv-, serverings og tenestebransjane vart pålagd stengd i mars, grunna pandemien, og opplever no store utfordringar som følgje av dette. Ein kan ikkje spå kor lenge dei strenge smitteverntiltaka vil vare, og når ein kan forvente å være tilbake i normal, eller tilnærma normal, drift. Dermed må ein tenke nye verktøy og metodar for å tilpassa næringslivet til den situasjon ein er i, i dag, og rusta seg i samband med det behovet som vil komme i framtida. Reiselivet, spesielt, består av små verksemder som til no har klart seg åleine. Med stengde grenser, og ein svært avgrensa kundemarknad prega av redsel, økonomisk utryggheit og statlege restriksjonar, vil det vere behov for å tenke nye, strategiske løysingar for vidare drift. Ei av satsingane vi vil ha i dette prosjektet vil derfor vere sterkare og meir tydeleg samhandling, fleksible løysingar og oppfordring til både formelle og uformelle samarbeid mellom aktørane, som kan skape synergieffektar for det totale næringslivet. Ei anna satsing vil vere fokus på digitalisering, både når det gjeld kommunikasjon i samhandlinga, men også bruk av gode digitale verktøy, møteplassar og ikkje minst profilering og synlegheit. - Vi vil takke Vestland fylke for tilliten, og ser fram til å hjelpe bedriftene i tida framover! |
Kva skjerHer finn du interessant informasjon om kva som skjer i vårt miljø. Arkiv
March 2021
Kategoriar
All
|